RSS

Kategoriarkiv: roma

Tom Egeland – CODEX

Velkjend oppskrift

Bjørn Beltø er ute på arkeologisk oppdrag igjen, denne gongen i Roma, der han er observatør på ei utgraving som finn både tornekrona Jesus hadde på korset, samt eit kodeks som skal avsløre hittil ukjende ting rundt kristendommens fyrste år.

Oppskrifta er velkjend, og det er vanskelig å toppe det som allereie har vorte gjort i fleirfoldige Beltø-historier tidlegare. Dessverre er ingenting overraskande lenger, og sjølve historia er heller ikkje i nærheita av Paktens Voktere og Sirkelens Ende.

Men likevel er den spennande og med bra tempo, så ein les seg gjennom denne på ein kveld eller to. Men saknar likevel å bli like reven med som i dei fyrste Beltø-bøkene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje kan få nok av krim med bibelske referanser, og ein norsk helt som er heilt i verdensklasse.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/06/2019 tommar bibelen, egeland, england, gamle dagar, london, roma

 

Roberto Costantini – ROTEN TIL DET ONDE

rotentildetondeDen andre boka i Costantini-trilogien

Denne gongen startar me i Tripoli, Libya, ein gong på slutten av 50-talet. Michele Balistreri veks opp saman med kompisane sine, italienaren Nico, og libyarane Ahmed og Karim. I nabohuset bor den amerikanske familia Hunt, med den flotte Hollywood-mora, og dottera Laura, som Michele har eit godt auge til.

Me følgjer utviklinga til gutane, som går frå ungar til ungdom, og frå leik til arbeid, og eigne forretningar, på begge sider av loven.

Eit drap og eit dødsfall splittar opp gjengen i Libya, og like etterpå kjem Gaddafi til makta, og italienarane flyttar heim.

Me hoppar til 1982, og politimannen Balistreri får eit drap i fanget, og tilfeldigheitene vil at ungdomsåra i Libya kjem friskt i minnet igjen.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/08/2014 tommar 80-talet, afrika, costantini, italia, politi, roma

 

Roberto Costantini – DU ER ONDSKAP

duerondskap

Roma-trilogien

Den fyrste boka i ein Roma-trilogi, og ei bok eg både hadde høyrt mykje bra om i forkant, og hadde høge forventningar til.

Under VM-finalen i 1982 står heile Italia på hovudet, og etterforskaren Michele Balistreri vil helst ikkje verte forstyrra når han får beskjed om at ei ung jente har forsvunne. Han roar ned foreldra og arbeidsgivarane, og seier at ho kjem til å dukke opp. Ei veke etterpå dukkar ho opp, død og mishandla. Den skuldige blir aldri funnen.

Neste gong Italia er i ein VM-finale, i 2006, kastar mor til drapsofferet frå 82 seg utfor sin eigen balkong.

Eg har tidlegare nemnt at ein del krimbøker skrive av kvinner, ber veldig preg av det, og denne boka her er kanskje den som ber mest preg av å vere skriven av ein mann. Her er det i overkant mykje sex og maskulinitet, men likevel ei drivandes god bok.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/05/2013 tommar costantini, italia, politi, roma, uløyste saker