RSS

Kategoriarkiv: bøker

Katrine Engberg – KROKODILLEVOKTEREN

Ny dansk krimdronning?

Fyrste møte med denne danske forfattaren.

Ei ung jente vert funnen drept i leiligheita si i København, som ho deler med ei venninne. Venninna er bortreist, og ein gammal nabo finn henne, og får ei illebefinnande av opplevinga, og hamnar på sjukehuset.

Den døde jenta har fått rissa inn eit mønster i ansiktet, og politiet står utan særlige spor, før husvertinna, Esther de Laurenti fortel at ho skriv på ei krimbok, der plottet er so og seie identisk med det som har skjedd med den unge leigetakaren hennar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å stifte nye bekjentskap, som kan vere starten på eit nytt og spennande litterært forhold.

(2016)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/07/2020 tommar bøker, danmark, engberg, forfattar, københavn, politi

 

Pierre Lemaitre – IRENE

Bestialsk og eksplisitt

Ein knallhard forgjengar til Alex, der eit svært bestialsk dobbeltdrap vert knytta til ei tidlegare, uløyst sak.

Bedre vert det ikkje når ein finn ut at drapet er svært likt eit drap i ei kjent krimbok, og det viser seg at begge drapa er kopiar.

* Denne boka kom ut etter Alex i Norge, men er altså skriven fem år tidlegare.

2006

Les meir