RSS

Kategoriarkiv: ran

Jørn Lier Horst – NÅR DET MØRKNER

nårdetmørkner80tals-Wisting

William Wisting mimrer tilbake til den gongen han var fersk politimann, og fekk ei cold case-sak frå 20-talet som han måtte løyse. Eit slags dobbelt tilbakeblikk. Han finn ein bil med kulehol på ein gammal låve. Denne bilen var sentral i ei sak frå 20-talet som aldri vart løyst, og 80-tals-Wisting må leite i arkiva på gamlemåten, for å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for cold case-saker.

(2016)

Les meir

 

Sjöwall & Wahlöö – MANNEN PÅ BALKONGEN

mannenpåbalkongenGammaldags politikrim

Her har det gått litt i krøll for lydbokleverandøren min, som meiner dette er bok nummer to, når det faktisk viser seg å vere den tredje. Men NOK.OM.DET. 

Denne er nok litt meir hardbarka enn den fyrste. Samtidig som ein ranar gjer Stockholmsparkane utrygge på kveldstid, vert ei lita jente funnen drept og misbrukt. Og det kan virke som om park-ranaren kan ha vore vitne til dette. Så då hastar det med å få ta i han, og å få han til å snakke.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar litt retro krim, eller er såpass gammal at du minnes denne forteljarstilen med glede. 

(1967)

Les meir

 
 

Stein Riverton – MYSTERIET PÅ BERGENSBANEN

mysterietpåbergensbanenTidleg tog-action

Bergensbana har ei svært fornem passasjerliste når det susar over dei snøkledde viddene forbi Hallingskarvet. I det toget køyrer inn i ein tunnel og alt vert mørkt, forsvinn eit kamera, som viser seg å innehalde veldig viktige dokument. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar klassisk norsk krim.

(1910)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/02/2021 tommar asbjørn krag, norge, ran, riverton, tog

 

Stein Riverton – WILSON, MANNEN MED MANSJETTKNAPPEN

Ein generalkonsul i Oslo vil slå seg opp som filantrop, og gi ein stor sum til bygging av ei kyrkje i Oslo, men når pengane skal overleverast, er dei som sunke i jorda.

Asbjørn Krag må jakte gulltjuven, og ein mansjettknapp kan virke som eit bevis i saka. Når nokon prøver å stjele mansjettknappen frå Krag, er det ikkje tvil.

Engelskmannen Wilson peikar seg ut som hovudmistenkt, og Krag set i gong jakta.

(Ukjent)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/05/2017 tommar asbjørn krag, detektiv, norge, oslo, ran, riverton

 

Wilkie Collins – THE MOONSTONE

moonstoneUnge Rachel Verinder arvar ein svær diamant frå onkelen sin, men diamanten har ei historie. Den vart i si tid stolen frå India, der den var ein heilagdom. Etter eit selskap, der Rachel ber diamanten, vert den stolen, og fleire vert mistenkte, blant anna tre indiske sjonglørar, som har dukka opp i selskapet.

Denne boka vert rekna som den aller fyrste krimromanen, i alle fall på engelsk. Collins vert også med denne boka kreditert som fyrstemann som bruker mange av dei krimgrepa me framleis ser i dag.

* BBC viser denne hausten ei TV-serie basert på boka.

(1868)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/10/2016 tommar 1700-talet, collins, england, india, politi, ran

 

Kjell Ola Dahl – DEN FJERDE RANEREN

denfjerderanerenUnder ein politiaksjon, hjelp etterforskar Frank Frølich ei kvinne som rotar seg bort i aksjonen. Kort tid etter innleier dei to eit forhold, før Frølich finn ut at ho er søstera til ein kjend kriminell.

Når broren vert mistenkt i ei sak dei ein ung vaktmann vert drept, vert Frølich sitt forhold til kvinna endå meir komplisert.

(2005)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/04/2015 tommar dahl (kjell ola), norge, oslo, politi, ran

 

Leif GW Person – GRISEFESTEN

grisefestenSvensken har fått mykje skryt for dei truverdige politihistoriene sine, og dette er den fyrste boka hans, frå 1978. I bunn og grunn handlar det om eit postran, men handlinga hoppar mykje fram og tilbake, og me er både innom ein chartertur til Mallorca, og ein påkjørsel og eit lik som dukkar opp ved ein kirkegård.

Det er mange karakterar og halde orden på, og ein litt annaleis måte å fortelje på.

(1978)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/03/2013 tommar persson, politi, ran, stockholm, sverige