RSS

Kategoriarkiv: costantini

Roberto Costantini – ROTEN TIL DET ONDE

rotentildetondeDen andre boka i Costantini-trilogien

Denne gongen startar me i Tripoli, Libya, ein gong på slutten av 50-talet. Michele Balistreri veks opp saman med kompisane sine, italienaren Nico, og libyarane Ahmed og Karim. I nabohuset bor den amerikanske familia Hunt, med den flotte Hollywood-mora, og dottera Laura, som Michele har eit godt auge til.

Me følgjer utviklinga til gutane, som går frå ungar til ungdom, og frå leik til arbeid, og eigne forretningar, på begge sider av loven.

Eit drap og eit dødsfall splittar opp gjengen i Libya, og like etterpå kjem Gaddafi til makta, og italienarane flyttar heim.

Me hoppar til 1982, og politimannen Balistreri får eit drap i fanget, og tilfeldigheitene vil at ungdomsåra i Libya kjem friskt i minnet igjen.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/08/2014 tommar 80-talet, afrika, costantini, italia, politi, roma

 

Roberto Costantini – DU ER ONDSKAP

duerondskap

Roma-trilogien

Den fyrste boka i ein Roma-trilogi, og ei bok eg både hadde høyrt mykje bra om i forkant, og hadde høge forventningar til.

Under VM-finalen i 1982 står heile Italia på hovudet, og etterforskaren Michele Balistreri vil helst ikkje verte forstyrra når han får beskjed om at ei ung jente har forsvunne. Han roar ned foreldra og arbeidsgivarane, og seier at ho kjem til å dukke opp. Ei veke etterpå dukkar ho opp, død og mishandla. Den skuldige blir aldri funnen.

Neste gong Italia er i ein VM-finale, i 2006, kastar mor til drapsofferet frå 82 seg utfor sin eigen balkong.

Eg har tidlegare nemnt at ein del krimbøker skrive av kvinner, ber veldig preg av det, og denne boka her er kanskje den som ber mest preg av å vere skriven av ein mann. Her er det i overkant mykje sex og maskulinitet, men likevel ei drivandes god bok.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/05/2013 tommar costantini, italia, politi, roma, uløyste saker