RSS

Kategoriarkiv: sherlock holmes

H.K. Fauskanger – SKRINET

skrinetNoko så sjeldan som ei norsk Sherlock Holmes-historie.

I ei av historiene om Sherlock Holmes vert det nevnt at han er i Norge, og forfattaren tek seg den friheit å fortelje denne historia.

Oskar Prods Brattenschlag er bud i gamle Christiania, og i sin siste jobb skal han levere ein pakke til ein gullsmed. På veg ut etter leveringa, vert han frårana kvitteringa si, og seinare viser det seg at han truleg er den siste som har sett gullsmeden i live, då han seinare vert funnen drept.

Då han kjem tilbake til staden for å forklare seg for politiet, møter han to britiske herrar, ved namn Watson og Holmes. Dei treng ein tolk, og dette vert byrjinga på eit eventyr som i stor grad handlar om eit skrin som har sterke trådar til den helgenen St. Sunniva, som gjekk i land på øya Selja.

(2012)

Les meir

 

Anthony Horowitz – SILKEHUSET

silkehusetEi autorisert og godkjend ny bok om Sherlock Holmes. Det seiast at dette er fyrste gong at Arthur Conan Doyle-stiftinga gir løyve til ei ny bok om Holmes, sjølv om eg tidlegare (2006) her har omtala Caleb Carr si bok, The Italian Secretary.

Denne gongen kjem ein kunsthandlar innom Holmes, medan Watson, som no er gift, er på besøk. Kunsthandlaren er plaga av ein mann som står i hagen hans, og er redd dette er resultatet av noko han rota seg bort i under eit besøk i Amerika.

Medan Holmes og Watson undersøker dette, snublar dei over eit drap, og ei meir omfattande sak rullast opp. Ei sak som ser ut til å heilt til høgste hald.

Dette er nesten som å lese Conan Doyle sjølv, anno 2012.

(2011)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 31/12/2012 tommar detektiv, england, horowitz, london, sherlock holmes

 

Caleb Carr – THE ITALIAN SECRETARY

Caleb Carr har teke på seg oppgava å skrive ei ny bok om Sherlock Holmes, sjølv om det kanskje er nokon annan sin jobb…

Boka fekk kjempebra kritikkar, men eg er nok ikkje heilt samd. Boka er kanskje gjennomarbeida på den måten at skrivemåten er lik den til Conan Doyle, men det er berre det tunge språket som er likt. Historia er tynn, den driv veldig sakte framover, og den vert altfor lett løyst, utan at lesaren er med på å løyse saka. (Som i alle Sherlock Holmes bøker, forøvrig)

Handlinga er i Edinburgh, på Holyrood House, boligen til dronninga. Det er spøkelser og skotske opprørarar og lokale svindlarar med i bildet.

(2005)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 17/10/2006 tommar carr, detektiv, edinburgh, sherlock holmes, skottland, usa