RSS

Kategoriarkiv: mina

Denise Mina – BLODÅKEREN

blodaakerenEin treåring vert drepen i Glasgow, og to gutar på tolv år innrømmer å stå bak drapet.

Paddy Meehan er internbud i avisa The Scottish Daily News, og drøymer om å verte journalist. Då det viser seg at ein av tolvåringane er fetteren til kjærasten hennar, fortel ho det til ein kollega, og seier også at ho ikkje vil skrive noko om det. Då skriv kollegaen om det, og heile familia trur det er Meehan som har gjort det.

Ho byrjar sjå nærare på saka, og finn ut at politiet ikkje ser ut til å ha fått med seg alle detaljane.

(2005)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/07/2014 tommar 80-talet, barn, glasgow, journalist, mina

 

Denise Mina – DØDEN PÅ GARNETHILL

garnethillEtter ein fuktig kveld ute, vaknar Maureen O´Donnel og finn den gifte mannen ho har eit forhold til, brutalt drept i si eiga stove. Problemet er berre at han ikkje skulle vere i leiligheita hennar no, og at ho ikkje møtte han kvelden før. I alle fall ikkje som ho kan hugse.

Politietterforskinga fører ganske kjapt til ein favorittmistenkt: Den tidlegare psykiatriske pasienten Maureen.

Med politiet i hælane, og ei familie som tvilar på henne, vert Maureen tvungen til å finne fram til den skuldige på eigen hand. Om det då ikkje viser seg at politiet og familien hennar har rett.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/10/2013 tommar glasgow, mina, politi, sjukehus, skottland