RSS

Kategoriarkiv: påske

Påsketips 2012

Her er våre sterkaste anbefalingar til påskekrim denne påska:

Holt - 1222: Perfekt påskekrim. Eit tog sporar av på Finse, passasjerane er vêrfaste på eit høgfjellshotell.

Nærum - Døde menn går på ski: Ein slags parodi på Bernhard Borge sine psykologiske thrillerar, med snø, hytter, ski og drap.

Nesbø - Snømannen: Ei av dei beste og mest populære bøkene om Harry Hole. Det er snø, det er vinter, akkurat som det skal vere i ein påskekrim.

Indridason - Vinterbyen: Ein ung gut vert funnen drepen i snøen i Reykjavik. Kanskje den Indridasonboka som skil seg mest frå dei andre, men vinter og snø er påske.

Schulman - Jenta med snø i håret: Boka kom no i vinter. Ei ung jente forsvinn i ein svensk småby. Lokaljournalisten tek saka.

Kroken & Kolden - Evig skal døden vera: Krim frå Lom, og på nynorsk. Folk kjem tilbake til heimbygda i påska, og to gamle klassekameratar vert drepne.

Å. Larsson - Til din vrede går over: To ungdommar druknar under eit dykk i eit islagt vatn i Nord-Sverige. Stemningsfullt og ubehageleg.

Penney - I ulvens skygge: 1800-talet i Canada. Nybyggarar, drap og vinterdekte skogar. Stemningsfullt og fint.

M. Kristensen - Kullunge: Krim frå eit snødekt Svalbard. Ungar forsvinn frå ein lokal barnehage og ingen veit kvar dei er, før dei dukkar opp igjen.

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/04/2012 tommar oppsummering, påske

 

Vigdis Kroken & Ragnhild Kolden – EVIG SKAL DØDEN VERA

Krim på nynorsk, frå Lom.

Det er påske, og Lom sentrum er fullt av turistar og utflytta folk som er heime på påskeferie. Oppe i all idyllen, vert ei kvinne funna drepen på brutalt vis på hytta si.

Litt seinare finn bakaren Morten Schakenda eit anna drapsoffer, og politiet byrjar ane ein samanheng. Det viser seg at offera har gått i same klasse på ungdomsskulen, og det er fleire klassekameratar i bygda, som no byrjar engste seg. Vert dei neste offer?

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/04/2011 tommar kroken & kolden, lom, norge, påske, politi

 

Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

Eigentleg er dette ein parodi på bøkene til André Bjerke (Bernhard Borge), og andre bøker frå en tida, der psykoanalysen stod i sentrum. Men likevel gjer Nærum den til ei spennande bok som er heilt på høgde med det han parodierer.

Ein eksentrisk milliardær inviterer fleire venner med seg på hytta i påska, blant dei psykoanalytikaren Konrad Stang. Milliardæren seier at den som vil vere med på ei mordgåte, og klarer å finne mordaren uten å verte drept, skal få ein feit pengesum.

Men så byrjar gjestane å verte drepne, ein etter ein, og det mumlast om eit gammalt sagn om den tidlegare eigaren, som var ein drapsmann ved namn Ulvar Mørkli.

Dette er De dødes tjern på fjellet, men likevel spennande og morsomt samtidig.

(2002)

Les meir