RSS

Kategoriarkiv: midtausten

Agatha Christie – THEY CAME TO BAGHDAD

theycametobaghdadEin sirup av ein thriller

Det er krim Agatha Christie er best kjent for, og her merkar ein kvifor. For på trass av gode omtalar då den kom ut i 1951;  i denne thrilleren går det altfor sakte, det er for lite action, og det er nesten aldri spennande. 

Den unge, nyleg arbeidslause Victoria Jones, har gjort lystløgn til ein kunst, då ho møter den spennande Edward i London. Men dessverre skal Edward reise til Bagdad innen kort tid. Victoria veit ikkje ein gong etternavnet hans, men bestemmer seg for å følge etter han, og bruker alle sine svindlande kunster for å få det til. 

I Bagdad er det som skulle vere eit superhemmelig møte mellom stormaktene no allmen kjent, og ei gruppe planlegg å sabotere møtet. Victoria hamnar midt oppe i dette då ho kort tid etter ankomst, ender opp med ein død mann på hotellrommet sitt.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein er nysgjerrig på korleis ein thriller frå Agatha Christie er.

(1951)

Les meir

 
 

Jussi Adler-Olsen – OFFER 2117

offer2117Kompleks og bekmørk

Ein spansk journalist tek turen til Kypros for å lage ei sak om båtflyktningar. Han tek bilde av ein død flyktning som er skylt i land, men seinare viser det seg at kvinna ikkje har drukna, men er drept. I København kjenner Assad igjen kvinna på bildet, og ein gamer som liker seg best innelåst på gutterommet, vert besatt av talet på omkomne på Kypros. 

Alt kokar saman til eit dystert kappløp mot tida, som tek oss gjennom store delar av Europa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og er spent på Assad si historie.

(2019)

Les meir

 

Tom Kristensen – DØDSRIKET

Blanda litt korta når eg kjøpte boka, trudde det var Tom Egeland. Men nok om det.

Boka handlar om ein Saudiarabisk mann som skal hevne systra si, og som endar opp som sjølvmordsbombar i Oslo. Ganske spennande bok, men litt seig somme stader.

Ikkje akkurat Tom Egeland, men historia er OK. Men ingenting er så bra at det ikkje kunne vore bedre.

(2006)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 04/07/2008 tommar kristensen (tom), midtausten, norge, oslo