RSS

Kategoriarkiv: brøgger

Waldemar Brøgger – MORDEREN PLUKKER FLUESOPP

Drap og hemmeleghald

Distrikslege Birger Hammer fortel historia om fire dødsfall rundt familia til ein skipsreiar, som skjedde i august 1956. Til tross for at dei fire ofra hadde ei tilknytning til kvarandre, kom det aldri ut at det var snakk om drap. Utad såg det ut som eit sjølvmord, ei bilulukke, og to uheldig soppforgiftingar. Skipsreiaren ba politiet om å ikkje gå ut med saka, men etter at rykta byrja å gå, angra han seg, men då var det for seint å gå ut med det. Difor fortel distrikstlegen historia her.

Dette er den fyrste av fem Brøggerbøker som kom på lydbok i 2015. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du synes det er meir spennande å høyre om saka, enn å følge med på at den vert løyst.

(1957)

Les meir
 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/09/2019 tommar 50-talet, brøgger, norge, politi

 

Waldemar Brøgger – MORFINDOKTOREN NEKTER SEG SKYLDIG

Inspirert av ei sann sak

Ei rik, gammal kvinne døyr av ei overdose morfin, og legen hennar arvar både huset og ein stor pengesum. Som om ikkje det skulle vere mistenkeleg nok, så har legen også skrive i avisene, om aktiv dødshjelp.

Boka er basert på ei engelsk sak, der ein lege var anklaga for å ha gitt pasienten sin ei overdose morfin.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fascinert av giftmord, arv og legar som prøver å reinvaske seg sjølv.

(1958)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/09/2019 tommar 50-talet, brøgger, gift, lege, norge

 

Waldemar Brøgger – POLITIET ARBEIDER OGSÅ OM SØNDAGEN

Tidenes blackout

Datamaskinkonstruktør Vidar Veierland har perioder med kraftig drikking, og då fortel han kona at han skal til Danmark for å sjå på datamaskindelar, men i virkeligheita tek han toget til ei hytte han får låne, for å drikke fleire dager i strekk. Under eit av disse tokta, så finn han ein død mann i hytta, og innser snart at sjansane er store for at det er han sjølv som er drapsmannen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gamle detektivhistoriene på som radioteateret sende før i tida. 

(1973)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2019 tommar 70-talet, blackout, brøgger, flukt, norge

 

Waldemar Brøgger – HEVNEREN PÅ HAGAN

Spøkelser og filming på Sørlandet

Hevneren på Hagan er eit gammalt spøkelse som går igjen i området rundt Hagan Aldersheim, ein stad på Sørlandet. Ein kveld går bestyrar Olga Lund ut, for å sjå etter Elvira Lorentzen. Lorentzen er ei eldre dame, som bur på heimen, men no har romvenninna henna etterlyst henne, sidan ho ikkje har kome heim, sjølv om det er etter midnatt. Dei andre meiner ho ikkje bør gå ut så seint, på grunn av spøkelset. Men Olga Lund går ut, og i hagen finn ho Elvira død. Drept.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har ei svakheit for gammal krim, med eit snev av spøkelseshistorier.

(1957)

Les meir

 
 

Waldemar Brøgger – SPEDBARN KIDNAPPET I FROGNERPARKEN

Nygammalt bekjentskap

Under kaoset i kjølvatnet av ein kollisjon, der folk kjem til for å hjelpe, forsvinn eit spedbarn frå ei barnevong. Jenta som trilla vogna, har ikkje fått med seg at nokon tok babyen.

I området rundt Frognerparken finst det flust med potensielle gjerningspersonar. Blant anna to gutar som har diskutert om det er mulig å kidnappe eit spedbarn, samt ei kvinne som har innbilt både mannen og venninnene om at ho er gravid.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar best dei gamle svart/kvitt-krimmane, med den piperøykande etterforskaren med lang grå frakk.

(1959)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/08/2019 tommar 50-talet, brøgger, kidnapping, oslo, politi