RSS

Kategoriarkiv: adler-olsen

Jussi Adler-Olsen – NATRIUMKLORID

Hevnens danske engel

Etter at ei kvinne tek livet av seg, vert Carl Mørck og Avdeling Q kontakta av sjefen sin, Marcus Jacobsen, som 32 år tidlegare jobba med ein eksplosjon som tok livet av barnet til kvinna. Jacobsen har aldri kunne slå seg til ro med at dei ikkje fann ut kva som skjedde den gongen.

Avdeling Q kikar nærare på saka, og finn ut at det vart funne salt på åstaden, noko som også dukkar opp i ei anna uoppklart sak, eit drap. Kan det ha ein samanheng?   

Samstundes er ei gruppe kvinner ute for å straffe folk som gjer tilsynelatande enkle små feil i det daglige livet.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og dei stadig meir overdrivne plotta til Adler-Olsen.

(2021)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – OFFER 2117

offer2117Kompleks og bekmørk

Ein spansk journalist tek turen til Kypros for å lage ei sak om båtflyktningar. Han tek bilde av ein død flyktning som er skylt i land, men seinare viser det seg at kvinna ikkje har drukna, men er drept. I København kjenner Assad igjen kvinna på bildet, og ein gamer som liker seg best innelåst på gutterommet, vert besatt av talet på omkomne på Kypros. 

Alt kokar saman til eit dystert kappløp mot tida, som tek oss gjennom store delar av Europa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og er spent på Assad si historie.

(2019)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – SELFIES

selfiesDet bikkar over for fleire

Tre kvinner møtes på sosialkontoret, og finn ut at dei er leie av å gå der og be om pengar, så dei bestemmer seg for å rane ein bank. Samtidig har kunderådgivaren deira på sosialkontoret sett seg lei av disse tre, og etter sjølv å ha fått ei alvorleg kreftdiagnose, bestemmer ho seg for å rydde dei av vegen. 

I ein park i København vert ei eldre dame funnen drept, og det skal vise seg at disse sakene ikkje er heilt uavhengig av kvarandre. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Avdeling Q-universet.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/11/2022 tommar adler-olsen, bankran, danmark, politi

 

Jussi Adler-Olsen – DEN GRENSELØSE

dengrenseløseCold case i alternativmiljøet

Carl Mørck i Avdeling Q får ein telefon frå politimannen Christian Habersaat på Bornholm, som straks skal pensjonerast, og som ber om hjelp til å løyse ei sak han har slitt med i årevis. Mørck avviser han, og like etter set Habersaat ei kule i panna på sin eigen avskjedsfest. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og cold case-saker.

(2014)

Les meir

 
 

Jussi Adler-Olsen – MARCO-EFFEKTEN

Ein gategutt i København prøver å bryte ut av den voldelige klanen til sin eigen onkel, og finn eit lik nedgravd i skogen. Kort tid seinare ser han den døde mannen på ein sakna-plakat.

Han vil gjerne fortelle, men om han kjem i kontakt med politiet, vil han enten verte sendt ut av landet, eller endå verre; tilbake til onkelen.

(2012)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – JOURNAL 64

journal64Den fjerde boka om Carl Mørck og Assad, og denne gongen får dei fleire gamle forsvinningssaker å jobbe med. Etter kvart finn Avdeling Q fleire  likheitstrekk mellom sakene.

Parallellt følgjer me den 88 år gamle leiaren i den høgreorienterte partiet Rene Linjer, som i tillegg til politikk også driv ein hemmelig organisasjon, som ikkje tåler dagens lys.

Samstundes følger me Nete Hermansen, som i oppeveksten vert stempla som vanskelig, og sendt til øya Sprogø, eit slags asyl for tilbakeståande og vanskelige jenter og kvinner.

(2010)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – FLASKEPOST FRA P

Den tredje boka om Avdeling Q. Namnet på avdelinga vert ikkje bedre, men det vert definitivt bøkene.

Denne gongen finn dei ein flaskepost i Skottland, og den vert til slutt spora tilbake til Danmark. Ein ung gut har skrive den i sitt eige blod, i eit desperat forsøk på å verte redda frå ein kidnappar, for mange år sidan.

Etter kvart viser det seg at kidnapparen framleis er aktiv.

Ei veldig solid og god bok, med svært få minus.

(2009)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – FASANDREPERNE

Ei gammal sak frå 80-talet dukkar opp på pulten i Avdeling Q, og ingen veit kven som har lagt den der.

Eit ungt søskenpar vert funne drepne på ei hytte, og ingen vert tekne for drapet. Men så, 9 år seinare, melder ein mann seg, og tilstår. Han er ein del av ei gruppe velståande og jaktglade elevar på ein kostskule, som held saman i tjukt og tynt. Men så forsvinn ei av dei, medan ein annan vert drepen. Carl Mørck og hjelparen Assad finn historia interessant, og finn stadig fleire feil ved den, og sentralt står den forsvunne kvinna, som no bor på gata i København.

(2008)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/07/2012 tommar adler-olsen, danmark, københavn, politi

 

Jussi Adler-Olsen – KVINNEN I BURET

Den fyrste boka om Avdeling Q. Eit latterleg namn, men boka er ikkje så verst. Har fått mykje positiv omtale, og leverer til ei viss grad.

Politimannen Carl Mørck er på veg tilbake på jobb, etter ei episode der ein kollega vert drepen og ein annan lamma for livet. Mørck er ingen populær mann på politikontoret i København, og det vert oppretta ei ny avdeling, Avdeling-Q, som er ei slags Cold Case-gruppe, som skal leite i gamle saker.

Ei av sakene handlar som Merete Lynggaard, ein kvinneleg politikar som forsvann frå ei ferge 5 år tidlegare, utan at saka vart løyst. Ein av teoriane var at ho fall over bord, medan ein annan gjekk på sjølvmord. Men når Mørck, og assistenten hans Assad, byrjar nøste i trådane, så dukkar det opp nye ting.

(2007)

Les meir