RSS

Kategoriarkiv: slott

John Dickson Carr – CASTLE SKULL

castleskullInternasjonal gjeng på slottet

Den Hamlet-elskande skodespelaren Myron Allison vert drept i det gamle slottet «Schloss Schadel» eller Castle Skull, som ligg ved bredda til Rhinen, nær Koblenz i Tyskland. Slottet var tidlegare eigd av den eksentriske og mørke tryllekunstnaren Maleger, før han drukna i elva nokre år tidlegare. Henri Bencolin vert henta inn for å finne ut kva som skjedde med Allison, men dei underlege hendingane tek ikkje slutt av den grunn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein kontinental krim med internasjonalt galleri er rett opp di gate.

(1931)

Les meir

 
 

Horace Walpole – THE CASTLE OF OTRANTO

Ei ganske komplisert historie å henge med på, kanskje mest på grunn av det gamle, tunge språket.

Manfred, prinsen eller lorden i Otrantoslottet, skal gifte vekk sonen sin. Men sonen døyr rett før bryllaupet, og Manfred trur dette er ein gammal forbannelse som seier at familien hans skal døy ut, og miste slottet. Derfor prøver han sjølv å gifte seg med den unge bruda, sidan hans eiga kone ikkje kan få barn lenger. Den unge Isabella rømer, og får hjelp av ein lokal mann.

Men Manfred let seg ikkje stoppe, og vil ikkje la ein fattig bonde kome mellom seg og Isabella.

(1764)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/04/2017 tommar 1700-talet, england, kongehus, slott, walpole