RSS

Kategoriarkiv: walker

Martin Walker – BRUNO, POLITIMESTER

Den fyrste boka om politimester i St. Denis, Bruno. Den andre, «Farlig Årgang» var ein særs gledelig overraskelse.

I denne boka vert ein eldre mann, med opphav frå Algerie, drepen i det som kan sjå ut som eit rasistisk motivert overfall.

Den lokale politimannen må forholde seg til det nasjonale politiet og andre innflytelsesrike personar som kjem til byen.

Som i den andre boka, er heile innpakninga sjarmerande og fin, og Bruno framstår som ein flott fyr, om enn kanskje litt mindre komplett enn i «Farlig Årgang».

(2008)

Les meir

 

Martin Walker – FARLIG ÅRGANG

Den engelske journalisten Martin Walker skriv om den franske landsbypolitimannen Bruno, og Farlig Årgang er den andre boka i serien. Den fyrste heiter «Bruno, Politimester.»

I denne andre boka møter me politimannen Bruno, i den vesle landsbyen St.Denis, og områda i nærleiken, der ein er opptekne av vin og vinproduksjon, og god mat og hygge.

Boka startar med ein brann på ein gard, som ingen visste om fantes, oppe på ein ås. Bruno får hjelp av det nasjonale politiet for å kome til bunns i saka.

Samtidig kjem ein representant for eit stort amerikansk vinhus til landsbyen, og har store planar for området. Den unge amerikanaren kjem fort på kant med nokre lokale ungdommar.

(2009)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 04/08/2011 tommar england, frankrike, politi, walker