RSS

Kategoriarkiv: litauen

Gard Sveen – BLOD I DANS

Tommy Bergmann på sitt mørkaste

Den tredje boka om Tommy Bergmann. Vart litt rot i rekkefølga her, men denne kjem altså etter Helvete Åpent, og held fram handlinga derfrå.

Bergmann jaktar framleis på gjerningsmannen, etter at det viste seg at Anders Rask ikkje var seriemordaren som stod bak ei rekke drap på unge jenter for mange år sidan. Han har ein ny mistenkt i sikte, Jon-Olav Farberg. Men Farberg har forsvunne, og samtidig har ei 13 år gammal jente forsvunne, og Bergmann fryktar ho er neste offer.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordarkrim med handling over landegrensene.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/04/2020 tommar litauen, norge, politi, seriemordar, sveen

 

Lene Kaaberbøl & Agnete Friis – GUTTEN I KOFFERTEN

Røde Kors-arbeidaren Nina Borg er oppteka av å redde verda. Når ho får beskjed om å hente ein koffert på ein jernbanestasjon i København, og finn ein liten gut i kofferten, er historia i gong.

Borg må finne ut kven guten er, og parallelt fylgjer me ei historie i Litauen, der ein liten gut forsvinn, og me fylgjer mora si jakt etter guten, og håpet om at det er faren i Tyskland som har henta han.

Ein annaleis og noko fartsfylt krim, som er overraskande bra.

(2008)

Les meir