RSS

Kategoriarkiv: landsbygda

Edmund Crispin – BURIED FOR PLEASURE

buriedforpleasureEit lite drap i småbyidyllen

Amatørdetektiven og engelskprofessoren Gervase Fen er på jakt etter litt avveksling i kvardagen, og stiller til lokalvalg i ein liten småby. Idyllen vert fyrst broten av ein naken mann som har rømt frå det lokale asylet, før Fen treff ein gammal kjenning frå Scotland Yard; Bussy. Bussy etterforsker ei forgifting i området, utan at det lokale politiet veit om det. Men ikkje lenge etter at dei møtes, vert Bussy funnen knivdrept på ei golfbane. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal, klassisk britisk krim med litt humor. 

(1948)

Les meir

Reklame
 

Arni Thorarinsson – DEN SJUENDE SØNNEN

densjuendesønnenUtkantkrim frå Island

Journalisten Einar er i Isafjördur, langt vest og avsidesliggande, sjølv til Island å vere. Han skal eigentleg skrive ei sak om den hanglande økonomien i utkantane, men så skjer ting fort. Eit verneverdig hus brenn ned, Einar og eigaren av huset vert nesten køyrt ned av stolen bobil under eit intervju, og to personar forsvinn, den eine av dei ei tidlegare fotballspelar som har hatt suksess i utlandet. Einar legg distrikstøkonomien til sides, for å nøste i hop trådane.

NB: Styr unna lydboka. Innlesaren gir kvar karakter eigne stemmer, noko som får det til å høyres ut som ei episode av Postmann Pat til tider.

Dette er den sjette boka om Einar «bladamann», som han heiter på islandsk wikipedia.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt askegrå teppet som ligg over islandsk bygdekrim.

(2008)

Les meir

 

Elina Backman – NÅR KONGEN DØR

nårkongendørStemningsfull finsk bygdekrim

Ei bok som fekk svært mykje omtale på årets krimfestival: Saana har fått sparken i eit sladreblad i Helsinki, og flyttar heim til tanta i Hartola, ei lita kommune nord for hovudstaden. Her fattar ho interesse for eit 30 år gammalt dødsfall, då ei ung jente vart funnen død i ein foss. Saka vart aldri løyst, men fleire av dei involverte bur framleis i bygda, så Saana bestemmer seg for å slå i hjel dødtida med å rote litt i den gamle saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det at den vart kåra til årets utanlandske krim i Sverige, pirrar nysgjerrigheita.

(2021)

Les meir

 

Maria Lang – LILJEKONVALL ER HVIT SOM SNØ

liljekonvallerhvitsomsnøEi gravferd, null bryllaup

Anneli Hammar forsvinn dagen før bryllaupet sitt, etter eit besøk i blomsterbutikken. Christer Wijk kjem til Skoga for å delta i bryllaupet, og finn ein småby i kaos. Christer er den som til slutt finn Anneli, død i vannkanten, med ein bukett liljekonvall i hendene. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sett serien på TV, og likar drapa dine lette og koselige. 

(1957)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/05/2022 tommar 50-talet, landsbygda, lang, sverige

 

Sven Petter Næss – DEN STILLE UKE

denstilleukeProfet i eigen småby

Sonen til småbydirektøren vert drept, og Kriposetterforskar Harinder Singh vender tilbake til heimstaden han ikkje kunne forlate raskt nok. Ei ung jente i kretsen rundt den drepne, forsvann for ei tid tilbake, og det kan virke som alle byen har noko dei prøver å dekke over.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som røskar opp i småbyhemmeligheiter.

(2019)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/04/2022 tommar forsvinning, hevn, kripos, landsbygda, næss, norge, politi

 

Aurstad & Westberg – STRÅMANN

stråmannÅ vende heim med halen mellom beina

Oversetjaren Robert Vinter, som har hatt litt motgang i livet, ser endelig ut til å ha gjort det stort, etter å ha oversett ein stor internasjonal hit. Men då det viser seg at han har kopiert ein del av den spanske boka frå ei engelsk oversetting, som ikkje var særleg bra, går det på tverke igjen. Robert tek på seg eit oppdrag der han skal skrive ei bok om den lokale jernbana på heimstaden Raumer, men viklar seg inn i ei suppe av lokale heltar, miljøkriminalitet og tvilsomme personar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande bygdekrim med eit snev av samfunnskritikk. 

(2020)

Les meir

 

Camilla Grebe – HUSDYRET

husdyretCold case med ein vri

Den unge politikvinna Malin vert sendt til heimbygda Ormberg for å etterforske ei cold case-sak. Eit barneskjelett vart funne i skogen, og tilfeldighetene vil at det var Malin, som den gong ikkje var gamle tausa sjølv, som fann det. 

I etterforskinga forsvinn ikkje mindre enn to av etterforskarane sporlaust, blant dei adferdsspesialisten Hanne Lagerlind, som kjempar mot demensen. Nokon har funne dagboka til Hanne, og gjennom den vert me ført mot løysinga.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil følge historia til Hanne Lagerlind vidare.

(2017)

Les meir

 
 

Maria Lang – MORD PÅ KIRKEGÅRDEN

mordpåkirkegårdenSommarkrim rundt juletider

Denne gongen er handlinga lagt til jula, men likevel føles det som ein lett og ukomplisert sommarkrim.

Puck og Einar feirer jul med hennar familie, på prestegarden til onkelen, då ein av naboane, kjøpmannen Arne, vert funnen død i sin eigen butikk. Christer Wijk får kjapt kokt det heile ned til at svært få kan stå bak, og dei fleste har feira jul med Puck og familien. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, gammal britisk krim, der stemninga er viktigare enn sjølve mysteriet. 

(1954)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/08/2021 tommar 50-talet, familie, jul, landsbygda, lang, sverige

 

Maria Lang – IKKE FLERE MORD

ikkefleremordKoselige drap på bryllupsreisa

Puck og Einar er nygifte, og tek med seg far til Puck, professor Johannes Ekstedt til Skoga på bryllupsreise. Han vert med på ein betingelse: Ingen fleire mord. Men dei har ikkje vore lenge i Skoga, før ein mann vert funnen død i hagen utanfor huset deira, med den egyptiske dolken til Johannes Ekstedt i brystet. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sett Maria Lang-serien på TV2 og likar den lettbeinte stilen.

(1951)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/04/2021 tommar landsbygda, lang, politi, sverige

 

SJ Bolton – HØSTOFFER

høstofferOvernaturlig på landsbygda

Ei familie flyttar inn i eit nytt hus, mellom to gamle kirker (!) i ein landsby. Men dei har knapt flytta inn, før ubehagelige ting byrjar å skje. I starten ber det mest preg av rampestreker, men så vert det meir alvorleg. Spesielt går det ut over den 10 år gamle sonen, som er sikker på at han ser eit spøkelse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt skumle og overnaturlige i ein krimthriller.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/03/2021 tommar bolton, england, landsbygda, spøkelse, thriller