RSS

Kategoriarkiv: helsingborg

Stefan Ahnhem – DEN NIENDE GRAVEN

denniendegravenLettbeint og temporik spenning

Den svenske justisministeren forsvinn sporlaust mellom Riksdagen og ein bil som skal plukke han opp. Fabian Risk vert kalla inn for å finne han, utan at nokon andre må få nyss om kva som har skjedd. I Danmark får Dunja Hougaard ei sak der kona til ein kjend TV-person vert funnen drept i heimen deira, og spora fører over sundet til nabolandet.

Dette er bok nummer 2 om Fabian Risk, skulle sjølvsagt vore lest før Atten grader minus og Motiv X. Men ikkje heng deg opp i det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar likar fengande og rask krim, som ikkje nødvendigvis går så djupt.

(2015)

Les meir

 
 

Stefan Ahnhem – ATTEN GRADER MINUS

atttengraderminusDøde menn køyrer bil

Ein bil køyrer utfor kaia i Helsingborg, etter ei vill biljakt. Når dei får bilen opp av vatnet, viser det seg at føraren er død, men ikkje nok med det; han har vore død i fleire månader. 

Samtidig vert ein heimlaus mishandla til døde i Helsingør, og vegane til Dunja Hougaard på den danske sida av sundet og Fabian Risk, vert kryssa igjen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Wallander på TV, og tenker at han som har skrive manuset der også kan skrive gode krimbøker.

(2016)

Les meir

 

Stefan Ahnhem – MOTIV X

motivxGuffen start

Ein ung flyktning vert funnen død i ei vaskemaskin. Fabian Risk har utfordringar på det personlege planet (ikkje hopp i rekkefølga på bøkene, slik eg gjorde her) men må ta denne saka, som ser ut som ei av dei verste rasistisk motiverte sakene i byen nokon gong.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar solid svensk krim.

(2018)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 08/05/2022 tommar ahnhem, helsingborg, politi, rasisme, sverige

 

Stefan Ahnhem – OFFER UTEN ANSIKT

offerutenansiktDrap etter klassebildet

Ein sløydlærar vert funnen drept, og ved siden av han er eit gammalt klassebilde der ansiktet hans er kryssa over. Etterforskar Fabian Risk vert dregen inn i saka i ei dobbeltrolle, fordi han gjekk i klassa til offeret. Når fleire på klassebildet vert kryssa ut, står Risk plutselig som både etterforskar og potensielt offer.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for omfattande og solid krim.

(2014)

Les meir