RSS

Kategoriarkiv: mauser

Max Mauser – RITTET FRA OLESKO

Uhyggelig kunstoppgjer

Mot slutten av fyrste verdenskrig rir ein flokk soldatar gjennom Aust-Europa, på veg tilbake frå austfronten. Med seg har dei «Den blå Madonna», eit heilagt bilde dei som gruppe gjer alt for å beskytte.

Fleire år seinare dukkar Madonnaen opp i Villa Hasselbakken i Oslo, og dei gamle rytterande dukkar opp ein etter ein for å gjere krav på det.

(1935)

Les meir

 

Max Mauser – EN HAI FØLGER BÅTEN

Ein norsk båt er på veg frå Spania til Amerika, med få passasjerar om bord. Passasjerane er alle interesserte i å kome seg vekk frå krigen i Spania, og mannskapet kjenner ikkje altfor godt til passasjerane. Vel ut på havet, viser det seg at blant dei få passasjerane, finnest ein mordar.

(1939)

Les meir

 
 

Max Mauser – NATTEN TIL FANDENS GEBURTSDAG

nattentilfandensgDen fyrste nyutgivelsen av Max Mauser sine krimbøker. (Ei ny bok er no ute)

Bak pseudonymet Max Mauser skjuler nazisympatisøren Jonas Lie seg, og hans stilling i regjeringa til Quisling gjorde at bøkene hans, av mange rekna som nokre av dei beste norske krimbøkene nokon gong, forsvann frå bokhyllene.

Handlinga går føre seg på herregarden Bjørneby, der eit gammalt sagn vert vekt til liv, når det fyrste av tre vonde varsel dukkar opp: Eit hestehovud på ein staur. Deretter dukkar dei andre to opp etter kvart. Og det er majoren, Winterfeldt, som står i sentrum for truslane.

Historia vert fortalt gjennom notatane til den unge huslæraren Nagell.

(1934)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/04/2014 tommar 30-talet, herregård, lege, mauser, norge, politi, sagn