RSS

Kategoriarkiv: sveen

Gard Sveen – DRØMMENES GUD

Lett lugging

Ein tidlegare norsk ambassadør vert drept av ei bilbombe i Oslo. Kona hans, som var i midtausten saman med han på 80-talet, har også forsvunne, sist sett i København.

I denne femte Tommy Bergmann-boka, må etterforskaren leite i den felles fortida til dei to, for å finne svar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fan av Tommy Bergmann, og likar krim der fortida sit på svaret til mysteria i dag.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/06/2020 tommar 80-talet, beirut, norge, oslo, politi, sveen

 

Gard Sveen – BLOD I DANS

Tommy Bergmann på sitt mørkaste

Den tredje boka om Tommy Bergmann. Vart litt rot i rekkefølga her, men denne kjem altså etter Helvete Åpent, og held fram handlinga derfrå.

Bergmann jaktar framleis på gjerningsmannen, etter at det viste seg at Anders Rask ikkje var seriemordaren som stod bak ei rekke drap på unge jenter for mange år sidan. Han har ein ny mistenkt i sikte, Jon-Olav Farberg. Men Farberg har forsvunne, og samtidig har ei 13 år gammal jente forsvunne, og Bergmann fryktar ho er neste offer.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordarkrim med handling over landegrensene.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/04/2020 tommar litauen, norge, politi, seriemordar, sveen

 

Gard Sveen – BJØRNEN

Gjenkjenbar spionthriller

Den tidlegare spionen Arvid Storholt (mhm, høyres kjent ut?) og kona hans vert funne drepne i heimen sin.

Fire månader tidlegare vart liket av ei kvinne funne i ein innsjø ikkje langt unna der Storholt og kona bur.

Tommy Bergmann er mannen som skal løyse gåta, og finne svar på kven spionen som Storholt angav den gongen han sjølv vart arrestert, Bjørnen, eigentleg er.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spionthrillerar og historier som ligg tett opp til ekte hendelsar på mange vis.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/03/2020 tommar norge, politi, spion, sveen

 

Gard Sveen – HELVETE ÅPENT

Ein seriemordar for Tommy Bergmann

Andre bok om Tommy Bergmann, som i 1988 var ein fersk politimann, og kom over offeret til det som seinare viste seg å vere ein seriemordar. No, 16 år seinare, dukkar eit nytt drapsoffer opp i ei leiligheit, og det er ting som minner om det som skjedde den gongen.

Men drapsmannen Anders Rask har vore innesperra sidan den gong. Og medan politiet lurer på om dei har ein copycat å handskas med, står mora til ei av jentene som vart drept på 80-talet fram og seier ho trur politiet tok feil mann den gongen. Og at ho veit kven som er den skuldige.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordhistorier, og det som kan vise seg å vere cold case-liknande saker.

(2015)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/03/2020 tommar justismord, norge, politi, seriemordar, sveen

 

Gard Sveen – DEN SISTE PILEGRIMEN

Røtter frå andre verdenskrig

Ein gammal motstandshelt vert funnen brutalt drept og skjenda i Oslo. I skogen utanfor hovudstaden finn turgåarar beinrestane etter tre menneske. To vaksne, og eit barn.

Tommy Bergmann er etterforskaren som skal nøste opp trådane, i denne krimdebuten til Gard Sveen.

Det er er tette band til hendingar som skjedde under krigen, og ein av karakterane i boka, ligg veldig tett opp mot ein ekte person frå krigen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med røtter tilbake til krigen.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/02/2020 tommar andre verdenskrig, norge, politi, sveen