RSS

Kategoriarkiv: vatikanet

Kurt Aust – HJEMSØKT

Den tredje boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge. Denne gongen er dei tilbake i Horten, der Petter skal ledsage ein utsending frå paven, som er på omreise i Norge.

Under stoppet deira i Fredrikstad, vert ein mann drepen, same natt som han har hatt besøk av den italienske eksellensen. Når det same skjer i Tønsberg, byrjar Petter å ane uråd, og får kontakta Thomas, som er i Christiania.

(2003)

Les meir

 
 

Dan Brown – ANGELS & DEMONS

Den fyrste boka om Robert Langdon frå Da Vinci koden. Kritikarane seier denne er bedre enn den fysste, sjøl er eg ikkje sikker.

Robert Langdon vert denne gongen tilkalla til CERN-instituttet i Sveits, og det viser seg at han må stoppe organisasjonen Illuminati, ei jakt som fører han til Roma og Vatikanet.

Ei bra bok, ingen tvil om det, men den er lik Da Vinci koden, og mykje av handlingsmønsteret er lagt. Hadde eg lese denne før Da Vinci, ville eg nok likt denne best. Men som bok nr 2, var litt av overraskingane vekke. Da Vinci koden var ny og frisk då den kom, og det er denne også, men dei er veldig like.

(2000)

Les meir

 

Dan Brown – DA VINCI-KODEN

Da Vinci koden er vel det ein kan kalle ein moderne klassikar.

Dei fleste kjenner nok til den, og veit at det dreier seg om sekter, forskarar og jakta på den heilage gralen. Professoren og ikoneksperten Robert Langdon er i Paris og skal treffe ein gammal kjenning. Denne kjenningen vert drepen i Louvre-museet og legg att ei melding til Langdon. Og så er me i gong…

Boka fekk stort sett ei veldig god mottaking, sjølv om nokre meinte Dan Brown hadde teke seg litt for mange historiske friheter. Men det er likevel ingenting å seie på at boka har vorte så suksessfull.

(2003)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 23/06/2005 tommar brown, italia, professor, religion, usa, vatikanet