RSS

Kategoriarkiv: nigeria

Lone Theils – HEKSEGUTTEN

hekseguttenBarnebortføring i London

Nora Sand har blitt kontakta av ein nigeriansk professor som jobber med å avsløre Boko Haram og bortføring av barn i Nigeria. Professoren vert borte for Nora på ein kirkegard i London, og dagen etter vert han funnen drept og mishandla på same stad. Samstundes er ei dansk realitystjerne og ein russisk oligark i bitre skilsmisseforhandlingar i London, og sonen deira vert kidnappa av ei kvinne i burka. Nora, som er Globalt sin London-korrespondent, dekker begge sakene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistkrim med fart og spenning. 

(2018)

Les meir

 

Oyinkan Braithwaite – MIN SØSTER ER SERIEMORDER

minsøstererseriemorderI overkant opphausa?

To søstre bor saman i Lagos, Nigeria. Den eine, Ayoola, er mordar, den andre, Korede, ryddar opp etter den fyrste. 

Spørsmålet er kven Ayoola skal drepe neste gong. Korede håper så klart det ikkje vert nokon neste gong, og i alle fall ikkje at hennar eigen draumemann, legen Tade, kjem i søkelyset til søstre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for ein litt morsom og annleis krim. 

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 02/07/2021 tommar braithwaite, lagos, nigeria, seriemordar