RSS

Kategoriarkiv: ungarn

Sjöwall & Wahlöö – MANNEN SOM GIKK OPP I RØYK

mannen som gikk opp i røykBeck på sitt beste

Dette er heilt klart den beste av den fire fyrste bøkene om Beck. 

Ein svensk statsborgar forsvinn i Ungarn, og utan å vite heilt kva som er bakgrunnen, vert Beck bedt om å reise ned for å finne ut kva som har skjedd med han. 

Handlinga virka veldig kjent, og etter litt googling viser det seg at NRK har gitt denne ut som høyrespel for nokre år sidan. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim bak jernteppet, der helten ikkje har særleg utøvande makt. 

(1966)

Les meir

 

Torkil Damhaug – SE EN ANNEN VEI

Gateaction frå Budapest

To unge gateguttar stjel ei veske i Budapest, og får mektige krefter etter seg. Ved ei tilfeldigheit viklar den norske medisinstudenten Marlen Glenne seg inn i dødelige jakta på innhaldet i veska.

Samstundes har Glenne ei mørk historie frå heimlandet i bagasjen, som gradvis vert avdekka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar fartsfylt forfølgelseskrim i mafia-gata.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/07/2020 tommar barn, budapest, damhaug, lege, student, ungarn

 

Lene Kaaberbøl & Agnete Friis – ET STILLE, UMERKELIG DRAP

Den andre boka til desse to, om Nina Borg, etter Gutten i kofferten.

Av ein eller annan grunn byrja eg på denne i vår ein gong, men la den frå meg etter eit par kapittel. Det dukka vel opp ei meir interessant ei…

Men boka er ok den. To unge rom-gutar i Ungarn finn noko verdifullt på eit nedlagt russisk sjukehus. I Danmark vert ei gruppe romfolk alvorleg sjuke, og Nina Borg må ta seg av dei.

(2010)

Les meir