RSS

Kategoriarkiv: trafficking

Hanne Kristin Rohde – MØRKE HJERTER

mrkehjerterSterk polititeknisk, men…

Wilma Lind er fersk leiar for Seksjon for Valds- og seksualbrot ved politet i Oslo, og får ei sak med ein serieovergripar i fanget. Det er trafficking, ein sjef som ikkje likar deg, eit budsjett som ikkje strekk til, og eit komplisert liv på heimebane.   

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis ein tidlegare polititopp skriv krim. 

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/09/2022 tommar aust europa, norge, oslo, politi, rohde, trafficking

 

Robert Bryndza – JENTA I ISEN

jentaiisenFriskt og spennande bekjentskap

Ei rikmannsdotter vert funnen drept, nedfrosen i eit vatn. Ho vart sist sett på ein sjuskete pub på feil side av London, og ingen skjønar heilt kva ho hadde der å gjere. Etterforskar Erika Foster er tilbake i teneste, etter å ha gjort ein feil som kosta fleire kolleger livet, blant dei mannen Mark. Foster må kjempe mot kolleger som konkurrerer om jobben hennar, og familien til den døde jenta, som har sterk innflytelse høgt opp i systemet.   

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Bryndza skriv smart og avhengigheitsskapane krim.

(2016)

Les meir

 
 

Roslund & Hellström – BOKS 21

Ewert Grens er framleis knallhard

Ei ung kvinne vert funnen i ei leiligheit, der ho åpenbart har vorte halden mot si vilje. Ho er hardt skada, og vert lagt inn på sjukehus. Men medan politiet ventar på at ho skal verte bedre, tek saka ei overraskande vending i likkjellaren på sjukehuset.

(2005)

Les meir

 

Anna Grue – DYPT Å FALLE

Dette er fyrste boka i serien om Dan Sommerdahl.

Ei ung jente som jobbar som reinhaldar, vert funnen drept på kontoret til reklamebyrået til Sommerdahl, og han vert involvert, og interessert, i etteforskinga.

Det viser seg at kvinna ikkje skulle ha jobba der, og at arbeidsgivaren ikkje veit kven ho er.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/05/2017 tommar danmark, detektiv, grue, politi, trafficking