RSS

Kategoriarkiv: japan

Yukito Ayatsuji – THE DECAGON HOUSE MURDERS

Japansk Agatha Christie-mysterie

I ein japansk versjon av «Then they where none», reiser 7 venner og medlemmer av samme krimklubb til Tsunojima, ei fråflytta øy, der den forrige eigaren vart drept eit halvt år tidlegare, saman med kona og andre. Huset brann den, men eigaren, ein eksentrisk arkitekt, fekk bygd eit tikanta (decagonal) anneks, der dei 7 studentane no skal bo. Men, hey presto (direkte sitat frå boka), trur du ikkje nokon byrjar å drepe dei, ein etter ein?

Oppdaga denne boka i ein artikkel om the Golden Age, krimbøkene som vart skrive på 20- og 30-talet, med særskilde reglar og meir. Denne boka kom i 1987, og Ayatsuji (pseudonym for Naoyuki Uchida) var med på å starte ei bølge av krimbøker som holdt seg til Golden Age-reglane, i Japan.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar bøker frå den gyldne æraen, og lurer på korleis dei er i Japan. 

(1987)

Les meir

 
 

Haruki Murakami – 1Q84, Bok 3

Den avsluttande boka 1Q84 3i trilogien 1Q84, om Tengo, Aomame og Fukaeri.

Høyrde denne på lydbok, og det er mulig det er det som dreg inntrykket ned litt, men synes denne ikkje var like spennande som dei to fyrste. Starten er treig, som kanskje er naturlig i ein overgongsfase mellom bok 2 og 3, men likevel. Det går sakte, og er ikkje så spennande.

Men det tek seg opp, og vert bedre utover. Mykje foregår rundt far til Tengo, og privatdetektiven Ushikawa, som jaktar på Aomame.

Likevel så sit eg med ei anna kjensle no, enn etter dei to fyrste. Denne kjennes litt meir Sci-Fi enn den forrige, og det er vanskeligare å kjøpe mykje av det som kjem fram i historia. Den er litt for «tullete», og der dei to fyrste akkurat balanserte på grensa til kva ein kan godta, så er denne langt over.

Ein annan ting som også var litt annaleis, var at lesaren på lydboka framstilte Fukaeri med ei stemme, nesten som om ho var psykisk utviklingshemma. Dette var heller ikkje eit inntrykk som stemte med oppfatninga frå bok 1 og 2.

Men alt i alt ei god bok, om noko lavare nivå en dei to fyrste delane.

(2010)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/12/2012 tommar japan, murakami, sekt, tokyo

 

Haruki Murakami – 1Q84

Ikkje akkurat ei krimbok, men har lest den litt innimellom her, så tek den med.

Boka er todelt, og annakvart kapittel handlar om den japanske mattelæraren og  forfattaren Tengo, og Aomame, som jobbar i eit treningsstudio.

Historiene deira er knytta saman på ein eller annan måte, og forfattaren Tengo får i oppdrag å skrive om ein roman som er skriven av ei jente på 17. Deretter vinn boka ein nykomarpris, og underlege ting byrjar skje.

Boka byrjar roleg, men vert veldig spennande etter kvart. Sjelden har cliffhangeren kome meir til sin rett enn dette.

Anbefalast, sjølv for ein krimentusiast.

(2009)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/07/2012 tommar forfattar, japan, murakami, sekt