RSS

Heine Bakkeid – JEG SKAL SAVNE DEG I MORGEN

Spennande nykomar

Ein tidlegare politimann har sona ein dom, og får ikkje returnere til tenesten. Etter at han vert lauslatt frå fengselet, vert  han kontakta av ei kvinne som vil han skal reise til Nord-Norge for å finne sonen hennar, som har forsvunne frå eit fyr der oppe.

På fyret opplever Thorkild Aske å sjå og oppleve uforklarlege ting, ting han meiner ikkje er ei følge av den tunge sjølvmedisineringa han driv med.

Boka ligg i eit krysningsland mellom Yrsa Sigurdardottir og Frode Granhus, og er både spennande og skummel.

(2016)

Les meir

Advertisements
 

Georges Simenon – MAIGRET PÅ EGEN HÅND

Langsom franskmann

Maigret er pensjonert, men på grunn av ei tabbe nevøen hans gjer i tjenesten, vert han tvungen tilbake for prøve å reinvaske slektningen

Maigret har gjort comeback på skjermen, med ein imponerande Rowan Atkinson, men dette er er nok ikkje den av Maigret-bøkene som er best tilpassa vår tid.

Dette er bok nr. 19 om detektiven, alle 19 skrive i løpet av ca 4 år.

(1934)

Les meir

 

Ingar Johnsrud – KALYPSO

Krim i verdensklasse

I eit hus på Bygdøy, vert ein mann funnen død. Den gamle enka som bor i huset, er det ikkje spor etter. Etter kvart viser det seg at mannen dei har funne, vart erklært død for 20 år sidan.

Samtidig vert ein annan mann funnen død ein annan stad i Oslo, og det er eit tett band mellom dei to, og ein mann som framleis er i live.

Kan fort vere ei av dei beste norske krimbøkene eg har lest

(2016)

Les meir

 

Frode Granhus – FORLISET

Lofot-uhygge

Ein fotograf som er ute for å forevige det vakre desemberlyset i Lofoten, får auge på ei tønne som har frose fast i isen. Når nysgjerrigheita tek overhand, viser det seg at tønna inneheld levningane av eit menneske.

Kan tønnefunnet ha samanheng med eit forlis som skjedde i same området fleire år tidlegare?

(2017)

Les meir

 
 

Trude Teige – JENTA SOM SLUTTET Å SNAKKE

Imponerande sunnmørskrim

Ei einsleg kvinne vert funnen drept i ei stol i sin eigen heim, iført sitt finaste antrekk. Ganske nøyaktig eit år tidlegare vart faren, ein omreisande predikant, drepen på bestialsk vis i samme huset.

Kvinna har aldri besøk, har ikkje snakka sidan ungdommen, og sit stort sett i stova si og ser på folk som går forbi. Journalist Kajsa Coren vert nysgjerrig på fortida til kvinna, og drapssaka eskalerer når den unge nabojenta forsvinn.

(2014)

Les meir

 

Pierre Lemaitre – IRENE

Bestialsk og eksplisitt

Ein knallhard forgjengar til Alex, der eit svært bestialsk dobbeltdrap vert knytta til ei tidlegare, uløyst sak.

Bedre vert det ikkje når ein finn ut at drapet er svært likt eit drap i ei kjent krimbok, og det viser seg at begge drapa er kopiar.

* Denne boka kom ut etter Alex i Norge, men er altså skriven fem år tidlegare.

2006

Les meir

 

Sommartips

Om sommaren er det heilt perfekt å ha nokre tjukke, omfattande krimbøker som ein ikkje les ut på ein kveld. Her er seks av mine favorittar i den kategorien. Klikk på bildet for å lese oppsummering av kvar enkelt bok. Leste Rubenfeld på engelsk, men den er ute på norsk også no.

   

  

  

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/07/2018 in oppsummering