RSS

Kategoriarkiv: psykologi

Helene Flood – TERAPEUTEN

terapeutenThriller som startar i 100

Sigurd, mannen til psykologen Sara, dukkar ikkje opp til ein avtalt hyttetur med kompisane. Likevel har han ringt Sara, og lagt igjen ein beskjed på svararen, der han fortel at han er framme. Men ingen har tilsynelatande høyrt frå han.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein skummel thriller med høgt tempo. 

(2019)

Les meir

 
 

A.J. Waines – KVINNEN I VANNET

kvinnenivannetDu har ein ny SMS…

Psykoterapeuten Julia Grey får ei anonym tekstmelding om å møte opp ved ei London-bru ein tidlig morgon. Når ho kjem dit, er staden full av politifolk, og ei kvinne er funnen død i Themsen, like ved. Julia veit ikkje kven kvinna er, men noko Julia legg merke til på den døde, er veldig kjent. Når den neste tekstmeldinga kjem, og det samme skjer, må Julia finne ut kvifor ho er den som vert varsla.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for litt thriller-aktig krim, der hovudpersonen føler seg jaga. 

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/05/2021 tommar england, london, psykologi, seriemordar, waines

 

Alex Michaelides – DEN TAUSE PASIENTEN

Psykologisk thriller som tek deg på senga

Alicia Berenson er innlagt på psykiatrisk klinikk, etter at ho for seks år sidan skaut ektemannen Gabriel i ansiktet fem gonger, og deretter slutta å snakke. Årsaka til drapet er eit mysterium.

Theo Faber er psykoterapeut, og har søkt seg til institusjonen der Alicia er innlagt, fordi han er fascinert av historia, og fordi han vil prøve å få henne til å snakke igjen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spenningsbøker med overraskande tvistar.

(2019)

Les meir

 
 

André Bjerke – ENHJØRNINGEN

Parapsykologi rundt bridgebordet

Fire kameratar, ein journalist, ein diktar, ein direktør og ein psykiater sit rundt bridgebordet og fortel historier med ein paranormal tvist. Psykiateren tek på seg oppgava med å plukke alle historiene frå kvarandre, og gi dei ei logisk forklaring.

Og til slutt kjem den store tvisten.

Boka består av frittståande spenningshistorier, og er meir i spenningslandskapet enn krim, men passar perfekt no i haustmørket.

(1963)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/09/2018 tommar bjerke, norge, paranormalt, psykologi

 

Lisa Gardner – FRYKTLØS

Litt for langt unna

Etterforskar D.D. Warren får psykologhjelp etter å ha vorte overfalt. Det viser seg at psykologen, Adeline Glen, er dotter til ein massemordar, som har klart å skape seg eit liv på trass av skuggen av sin far. Søstera hennar, Shana Day, derimot, sit i fengsel for fleire drap.

Men når den såkalla Rosemordaren byrjar herje, tilbyr Shana seg å hjelpe D.D. med å fakke han. Og det hastar, for mordaren har sett seg ut sitt neste offer, som han allereie har overfalt ein gong; D.D. Warren.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/10/2017 tommar gardner, politi, psykologi, seriemordar, usa

 

Hjorth & Rosenfeldt – DEN STUMME JENTA

denstummejentaEi heil familie vert slakta i utkanten av ei svensk kommune i Värmland. To små barn og foreldra vert skotne, og med unntak av eit skoavtrykk og typen våpen, står det lokale politiet utan spor.

Rikskrim med psykolog og profilekspert Sebastian Bergman kjem til staden, og finn etter kvart ut at det har vore ein femte person i huset; ei lita jente (kan kanskje betegnast som ein spoiler, men la oss vere ærlege: det står i tittelen). Har drapsmannen teke med seg jenta, og kvifor ikkje drepe henne også?

Temporik, spennande og uforutsigbar.

Dette er den fjerde boka om Sebastian Bergman, etter Mannen som ikke var morder, Dødens Disippel og Fjellgraven.

(2014)

Les meir

 

Stikkord: ,

Paula Hawkins – PIKEN PÅ TOGET

pikenpåtogetRachel tek same toget kvar einaste dag, og lagar seg historier om liva til folk ho ser langs ruta. Spesielt eit svært lukkeleg par, som ho kalla Jason og Jess, som ho ser for seg har livet ho sjølv drøymer om. Men ein dag vert ho vitne til noko som snur opp ned på inntrykket av dei to, og som gjer at Rachel får ei muligheit til å kome nærare Jason og Jess.

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/05/2016 tommar england, hawkins, london, politi, psykologi, tog

 

Lars Kepler – STALKER

stalkerMørkt og dystert frå Kepler

Noken har filma ei uidentifisert kvinne gjennom vindauget frå hagen, og lagt filmen ut på nettet. Dagen etter vert kvinna funnen drept. Offer nummer to vert funnen av sambuaren, som går i svart, og vasker heile leiligheita før politiet kjem til staden.

Erik Maria Bark vert tilkalla for å snakke med mannen, men den erfarne psykiateren får høyre noko han velger å ikkje dele med politiet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dyster, mørk, og halvskummel krim.

(2015)

Les meir

 

Tania Carver – USKYLDENS OFRE

Las om denne boka på Krimbøker si Facebookside, men trudde eigentleg det var ei side for folk som likte krim, og ikkje eit firma som sel bøker. Derfor skjøna eg litt for seint at innsalget var litt i høgaste laget.

Men boka var ok den. Ein drapsmann herjar i den engelske byen Colchester, og alle drapsofra er gravide kvinner. Og drapsmannen fjernar fostra frå offera sine.

Phil Brennan leiar etterforskinga, og med seg på laget har han psykologen Marina. Dei to har ei ukjend fortid saman, men det viser seg fort at også andre i etterforskinga har.

(2009)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/06/2012 tommar carver, colchester, england, politi, psykologi

 

Yrsa Sigurdardottir – JEG VET HVEM DU ER

Bak på boka kan denne historia minne om den gamle NRK-serien Marerittet, der et par overnattar på eit nedlagt fiskevær. Her er det snakk om eit par, og ei venninne, som skal pusse opp eit gammalt hus dei har kjøpt, og gjere det om til eit gjestegiveri.

Det er vinter, og resten av det avsidesliggande fiskeværet står tomt, og alle vindauga er spikra for. Dei har avtalt med ein lokal mann som skal hente dei frå fastlandet om nokre dagar. Men så skjer det ting i mellomtida.

Samstundes har psykologen Freyr teke ei legestilling nordpå, for å kome vekk frå Reykjavik, etter at sonen hans forsvann sporlaust tre år tidlegare.

Uforklarlege ting byrjar å skje samstundes på dei to stadane.

Ei veldig skummel og spennande bok, der me kjenner igjen noko av stemninga  frå Indridason sine bøker.

(2010)

Les meir