RSS

PJ Fitzsimmons – THE CASE OF THE GHOST OF CHRISTMAS MORNING

thecaseoftheghostTullekrim i 20-tals-stil

Hovudpersonen Anty Boisjoly skal feire jul med tanta si, Azalea, men hamnar midt oppe i eit drama der ho vert mistenkt for å ha drept naboen sin, ein krigshelt frå andre verdenskrig, som ligg død under juletreet. Jobben med å overtale det lokale politet om at tanta er uskyldig, fell på Anty. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på krim som tullar litt med the Golden Age.

(2022)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/10/2023 tommar 20-talet, detektiv, england, fitzsimmons, jul, politi

 

Gunnar Staalesen – FALNE ENGLER

falneenglerRockekrim frå 60-talet

Fortida innhentar Varg Veum i ei gravferd. Ein kjenning frå ungdommen er død, og i gravferda møter han fleire gamle kjente, og dei byrjar mimre om ting som skjedde den gongen dei var i sin beste alder. Mimringa tek dei tilbake til miljøet rundt eit rockeband, og etter eit drap, må Veum grave enda djupare i den gamle historia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar både Veum og cold case-krim, og her får du begge.

(1989)

Les meir

 

Gunnar Staalesen – SVARTE FÅR

svartefårVeum i actionfilm-modus

I det som av mange vert omtalt som den beste boka i Veum-serien, får Varg to oppdrag samtidig, i ei heller rolig periode. Venninna Karin, ein ofte nytta hjelpar i Folkeregisteret, ber han om å finne systra si, som har forsvunne i narkomiljøet i byen. Samtidig kjem ein utanlandsk student til kontoret for å be Veum om å hjelpe han ut av ei knipe med ein utgått opphaldstillatelse.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Veum er god, og dette skal vere ei av dei beste.

(1988)

Les meir

 

Gunnar Staalesen – I MØRKET ER ALLE ULVER GRÅ

imørketeralleulvergråCold case frå krigens dagar

På ei kneipe i Bergen kjem Varg Veum i prat med den pensjonerte etterforskaren Hjalmar Nymark. Han er opphengt i ei gammal sak om ein brann på ein malingsfabrikk, og den eventuelle tilknytninga dette har til ein halt landssvikar med kallenamnet Rottegiften. Så ein dag kjem Nymark plutselig engstelig inn på kafeen, og på veg ut vert han påkøyrt og drept. Og då tek Veum over nysgjerrigheita rundt saka.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar uløyste saker frå gamle dagar.

(1983)

Les meir

 

Gunnar Staalesen – KVINNEN I KJØLESKAPET

kvinnenikjøleskapetForsvinning i Lykkeland

Ei eldre kvinne, fru Samuelsen, kontaktar Veum fordi sonen hennar, Arne, ikkje har gitt lyd frå seg på lenge. Arne Samuelsen jobbar på oljeplattform, og har i den anledning flytta til Stavanger, og husvertinna der nede har heller ikkje sett han på ei stund. Varg Veum set seg på båten sørover, for å finne mannen, men støter raskt på trøbbel i den nyrike, Amerikainfiserte oljehovudstaden. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kunne tenkt deg å sett Veum i Lykkeland-universet.

(1981)

Les meir

 

Harlan Coben – GUTTEN FRA SKOGEN

guttenfraskogenAction, spenning og feelgood

Hester Crimstein er ein knallhard tv-advokat, med sitt eige show, der ho sablar ned motstandarane sine. Når barnebarnet Matthew fortel at ei mykje mobba klassevenninne, Naomi Pine, har forsvunne, er Hester rask med å sette i gong apparatet sitt for å finne henne. Og den ho alltid går til, er Wilde, ein mann som vart omtalt som ein slags Mowgli, då han vart funnen åleine i skogen 30 år tidlegare. Er det ein som kan finne Naomi, så er det han.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Coben er verdas beste spenningsforfattar, og her er han nesten på sitt beste.

(2020)

Les meir

 
 

Josephine Tey – THE MAN IN THE QUEUE

themaninthequeueDrap i teaterkøen

Ein ung mann vert knivstukken med ein italiensk dolk, i køen til eit teaterstykke. Det er flust av folk i køen rundt offeret, men ingen har heilt fått med seg kva som har skjedd. Nokon har sett ein mann som snakka med mannen og forsvann, men ingen i køen rundt ser ut til å ha motiv heller, i følge etterforskar Alan Grant.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ei anna bok om Alan Grant vert rekna som tidenes beste krim.

(1929)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/09/2023 tommar 20-talet, england, london, teater, tey

 

E. C. R. Lorac – CROOK O´LUNE

crookolune<Sett inn valfri sauereferanse>

For dette var ei ganske annleis krimhistorie frå Lorac. Inspektør MacDonald er på ferie med nokre venner i Lancashire, og ser på muligheitene for å finne seg ein liten eigedom her, når han ein gong skal pensjonere seg. 

Medan han er der, seier han seg villig til å hjelpe til med ei sak der nokon stjel sauar i området. Men etter kvart utviklar dette seg til å verte meir alvorlig enn berre sauetjuveri.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar landlig og gammal krim.

(1953)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/09/2023 tommar arv, dyrehald, england, hevn, landsbygda, lorac, politi

 

Christianna Brand – GREEN FOR DANGER

greenfordangerSjukehuskrim frå gullalderen

Den lokale postmannen er på sjukehus for å operere ein broten fot. Men under krigen er narkose ikkje heilt trygt, og den stakkars postmannen våkner aldri igjen. Kirurgen Barnes har mista pasientar før, og inspektør Cockrill vert tilkalla. Det er tydelig at dødsfallet til postmannen ikkje er ei ulukke, og nokon på sjukehuset står bak. Og i ei god krimbok kjem eit drap sjeldan åleine, så Cockrill må bruke alt han har av evner til å avsløre mordaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vert nysgjerrig på samtidskrim frå andre verdenskrig.

(1944)

Les meir

 
 

Läckberg/Fexeus – MENTALISTEN

mentalistenNår det klikkar for tryllekunstnaren

Ei kvinne vert funnen drept i eit sånt skap som tryllekunstnarane bruker til å stikke sverd inni, men denne gongen har det gått gale. Etterforskar Mina Dabiri kontaktar mentalisten, og tidlegare tryllekunstneren Vincent Walder

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på denne nye svenske storsatsinga. 

(2021)

Les meir