RSS

Kategoriarkiv: konrad simonsen

Søren & Lotte Hammer – ENSOMME HJERTER

Konrad Simonsen får ei gammal sak, der ein postmann vart funnen død i sin eigen trappeoppgang. Det vart fastslått at det var ei ulykke, men det er grunnar til å stille spørsmålsteikn ved legen som skreiv dødsattesten.

Samstundes er det ei skyting på ein skule, som viser seg å ha ei slags tilknytning til postmannsaka. Ei jente som er involvert i skyteepisoda, dukkar opp på mobilen til postmannen.

(2011)

Les meir

 

Søren & Lotte Hammer – DEMONEN SOM GRÅT

Den tyske forbundskanslaren er på flytur over grønlandsisen for å inspisere den globale oppvarminga. Frå flyet får dei auge på eit lik, som sit nakent, med samanbundne hender, nedfrose i isen.

Det viser seg at liket, ei ung kvinne, har vore sakna i 25 år. Konrad Simonsen får saka, og undervegs merkar han at denne har fleire likheitstrekk til andre saker han har jobba med.

Samstundes vert han motarbeida frå høgaste hold i Danmark.

(2010)

Les meir

 
 

Lotte & Søren Hammer – UDYR

I ein gymsal vert dei nakne lika av fem menn funne hengde frå taket.

Konrad Simonsen frå drapsavsnittet i København kjem for å etterforske. Ting byrjar å falle på plass når dei finn ein link mellom dei fem offera. Dei var alle pedofile.

(2010)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 09/10/2010 tommar danmark, hammer, københavn, konrad simonsen, politi