Voices, eller Røsten på norsk, er den tredje boka som har vorte oversett til norsk. No kjøpte eg den i Skottland før den kom ut i Norge, så det vart på engelsk. Og det angra eg på, for oversettelsen var elendig. Barneskuleengelsk. Sjølv om boka var spennande, så drog den elendige oversetjinga ned.
Ein julenisse vert funnen død, med buksa på knea, i kjellaren på eit av dei største hotella i Reykjavik. Det viser seg at han er tidlegare barnestjerne, med ei røyst utanom det vanlege.
(2002)
Vurdering:
Plottet – 9
Som i de andre Indridasonbøkene, så er det ei sjeldan bra historie som vert fortalt her.
Karakterane – 8
Gode karakterar, som veks veldig.
Miljøskildring – 10
Reykjavik er ein by ulik nokon anna, gjennom pennen til Indridason.
Språket – 6
Dette var den store svakheita her, fordi den engelske oversetjinga var elendig. I og med at dei andre bøkene har vore så bra, så kan det umulig vere Indridason som har skrive boka så platt.
Starten – 8
Spenning frå side ein.
Sidesnuing – 8
Stort sett veldig bra.
Tempo – 8
Tempoet er bra i denne serien, og Voices er inget unntak.
Forutsigbarheit – 8
Detaljane som dukkar opp langs med er overraskande og gode.
Den gode kjensla – 7
Historia er fantastisk, men den engelske oversetjinga er fæl. Og sidan det er den som får denne omtalen, vert heilheita litt skuffande.
Avslutninga – 8
Som alltid bra.
TOTAL: 8,0
One response to “Arnaldur Indridason – VOICES”