RSS

P.D. James – DET SVARTE TÅRNET

09 Mar

detsvartetåretNok ei av bøkene frå haustsalget. Dette er den femte boka om påskekrimkjenningen Adam Dalgliesh.

Dalgliesh har vore på sjukehus, og mens han slappar av for å kome til hektene, besøker han Fader Baddeley, ein gammal ven av hans far. Men då han kjem fram til Toynton Grange, heimen der Baddeley jobbar og bur, finn han ut at han kjem for seint. Presten er død, berre får dagar før Dalgliesh kjem til staden, og Dalgliesh kjem over fleire ting han synes virkar rart i forhold til dødsfallet.

(1975)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein prest er død, berre få dagar før Adam Dalgliesh skulle besøke han. Dalgliesh finn spørsmål kring dødsfallet, som han ikkje finn naturlege svar på.

Karakterane – 7
Eit ganske stor persongalleri, der dei mest sentrale er ganske oversiktlege.

Miljøskildring – 8
Spennande skildring av ein privatinstitusjon for pleietrengande, som ligg ute ved Dorsetkysten.

Språket – 8
Forholdsvis greit, til å vere frå 1975. Litt mykje tomprat til tider.

Starten – 7
Svært roleg start. Nesten sånn ein kan tenke at starten varer nesten heile boka.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned. Meir spennande mot slutten, men i store delar av boka går det litt seigt.

Tempo – 6
Altfor sakte for ein moderne krim, men dei ga seg litt bedre tid i 1975. Som så mange andre bøker som har vorte TV-serier, så kjennes bøkene fryktelig treige i forhold til TV-seriane.

Forutsigbarheit – 7
Dette er jo ei slags «lukka rom»-historie, der du veit ein av hovudpersonane står bak. Så det er ikkje kjempevanskelig å gjette seg fram til den skuldige, men ikkje altfor enkelt heller.

Den gode kjensla – 7
Litt skuffande. Det er jo klassisk britisk dette her, men det går litt for sakte, og er for lite framdrift gjennom store delar av boka.

Avslutninga – 7
På ein måte litt overraskande, men heilt grei.

TOTAL: 7,1

 

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/03/2013 tommar dalgliesh, england, james (pd), politi, prest

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.