RSS

Jørgen Brekke – MENNESKETS NATUR

10 Mar

menneskets naturDen litt forvirrande tredjeboka?

Den tredje boka om politimannen Odd Singsaker frå Trondheim.

Denne gongen er historia litt annaleis bygd opp, eit slags samansurium av lause tråder, og hopping fram og tilbake i tid. Til tider vert det litt i meste laget.

I forrige bok forsvann kona til Singsaker til Oslo, utan at han visste kvifor. Denne gongen er ho på veg tilbake til Trondheim, men forsvinn ein stad på vegen. Samstundes vert ein mann drepen i ein butikk i Oslo, og noko seinare skjer det ting på øya Hitra.

Kan det vere tilfeldig?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei to fyrste, og er klar for meir Odd Singsaker-krim.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein mann frå Oslo er på tokt oppover Østerdalen, medan kona til Odd Singsaker forsvinn.

Karakterane – 9
Dei etablerte figurane er ikkje så sentrale her, men dei nye bekjentskapa er svært spennande.

Miljøskildring – 8
Både den mørke Østerdalen, Hitra og Trondheim vert fint skildra.

Språket – 8
Enkelt og greit, men litt i overkant mykje hopping fram og tilbake. Likevel nokonlunde greit å henge med.

Starten – 9

Sidesnuing – 9
Svært spennande, det tek ikkje lang tid å kome seg gjennom denne historia her.

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 8
I og med at me hoppar så pass mykje fram og tilbake her, er det ikkje så mange hemmeligheiter som vert avslørte utover. Likevel lurer ein konstant på kva som skjer på neste side.

Den gode kjensla – 8
Ei svært god bok, sjølv om den kunne vore hakket enklare i forhold til hoppinga i tid og stad. Ei litt enklare forteljarform ville heva boka eit par hakk.

Avslutninga – 8
Fin og spennande, utan å vere altfor overraskande.

TOTAL: 8,2

 

 
2 kommentarar

Posta av den 10/03/2013 tommar brekke, forsvinning, politi, trondheim

 

2 responses to “Jørgen Brekke – MENNESKETS NATUR

  1. Bokelskerinnen

    10/03/2013 at 23:28

    Kjempefin blogg som jeg oppdaget for ikke så lenge siden! Har delt linken på Facebooksiden til min egen blogg og håper flere kommer innom og finner spennende tips til påske. Som krimelsker gleder jeg meg til å følge deg videre!

     
  2. mwn77

    17/03/2013 at 09:01

    Det var hyggelig å høre. Jeg skal prøve å få laget en liste med påsketips i løpet av uka.

     

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.