Psykologisk thriller som tek deg på senga
Alicia Berenson er innlagt på psykiatrisk klinikk, etter at ho for seks år sidan skaut ektemannen Gabriel i ansiktet fem gonger, og deretter slutta å snakke. Årsaka til drapet er eit mysterium.
Theo Faber er psykoterapeut, og har søkt seg til institusjonen der Alicia er innlagt, fordi han er fascinert av historia, og fordi han vil prøve å få henne til å snakke igjen.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spenningsbøker med overraskande tvistar.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
Ingen skjønar kva som skjedde då tragedia ramma det tilsynelatande lukkelige ekteparet. Alicia skaut mannen, og vart taus, og har på seks år ikkje sagt eit ord. Psykoterapeuten Theo Faber trur han er rett mann til å få henne til å åpne seg om det som skjedde.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Den gode kjensla – 8
Ein spennande thriller, som lurer deg ganske greit. Godt språk, og bra driv.
Avslutninga – 9
Heilt grei. Nøsta på sett og vis opp i det som har skjedd gjennom dei tre bøkene, men framleis har historia ikkje teke heilt tak.
TOTAL: 8,3