Mørkt alpemystikk
I ein alpelandsby i Nord-Italia vert ein gammal mann funnen drept, med begge augene reve ut. Politioverbetjent Teresa Battaglia står framfor ei mørk og vanskelig sak, som ikkje blir enklare av at ho samtidig får overført ein ny politibetjent som ho ikkje kjem så godt overeins med frå starten, og ei lokalbefolkning som ikkje er interessert i å hjelpe.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for den litt mørke, sør-europeiske krimen, i idylliske omgivnader.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein mann vert funnen drept, på bestialsk og symbolsk vis, og etterforskningsleiar Teresa Battaglia får ikkje mykje hjelp av lokalbefolkninga, sjølv om ei gruppe born kan vere i fare.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Mystikken og mørket som omgir landsbyen er veldig effektfullt skildra.
Språket – 9
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ei spennande og stemningsfull historie (i følge ei kjelde basert på sanne hendingar), med gode og djupe karakterar og ei miljø som passar perfekt for denne typen forbrytelsar.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,2