Ny dansk krimdronning?
Fyrste møte med denne danske forfattaren.
Ei ung jente vert funnen drept i leiligheita si i København, som ho deler med ei venninne. Venninna er bortreist, og ein gammal nabo finn henne, og får ei illebefinnande av opplevinga, og hamnar på sjukehuset.
Den døde jenta har fått rissa inn eit mønster i ansiktet, og politiet står utan særlige spor, før husvertinna, Esther de Laurenti fortel at ho skriv på ei krimbok, der plottet er so og seie identisk med det som har skjedd med den unge leigetakaren hennar.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å stifte nye bekjentskap, som kan vere starten på eit nytt og spennande litterært forhold.
(2016)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei ung jente vert drept på same måte som hovudpersonen i ei krimbok jentas husvert held på å skrive. Er det husverten som står bak, eller kan nokon andre ha sett manuset?
Karakterane – 9
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Tett mellom høgdepunkta. Sidene flyg av garde.
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ein spennande og oppslukande krim. Bra driv, få dødpunkt.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,3
One response to “Katrine Engberg – KROKODILLEVOKTEREN”