RSS

Martin Walker – FARLIG ÅRGANG

04 Aug

Den engelske journalisten Martin Walker skriv om den franske landsbypolitimannen Bruno, og Farlig Årgang er den andre boka i serien. Den fyrste heiter «Bruno, Politimester.»

I denne andre boka møter me politimannen Bruno, i den vesle landsbyen St.Denis, og områda i nærleiken, der ein er opptekne av vin og vinproduksjon, og god mat og hygge.

Boka startar med ein brann på ein gard, som ingen visste om fantes, oppe på ein ås. Bruno får hjelp av det nasjonale politiet for å kome til bunns i saka.

Samtidig kjem ein representant for eit stort amerikansk vinhus til landsbyen, og har store planar for området. Den unge amerikanaren kjem fort på kant med nokre lokale ungdommar.

(2009)


Vurdering:

Plottet – 7
Historia er eigentleg veldig enkel, og ikkje så veldig intrikat, men sjarmerande i si enkelheit.

Karakterane – 8
Karakterane er veldig gode her, og passar perfekt inn i miljøet. Sjølv om det er ein lita gruppe me har mest konktakt med, så er bi-karakterane truverdige og fine.

Miljøskildring – 10
Dette er nok boka sin absolutte styrke. Den fantastiske skildringa av miljøet i ein liten fransk landsby får deg til tider til å føle at du spaserar rundt i sola på dei sandete og tørre vegane der nede.

Språket – 10
Boka er godt skreve, og Walker sin bakgrunn som journalist kjem fram her. Den minimalistiske og jordnære stilen til alle som er med i boka skin godt gjennom i måten forfattaren skriv på.

Starten – 7
Boka startar i same takta som den held heile vegen, roleg og bedageleg. Men sjølv om det er roleg og ikkje den klassiske actionstarten, så er ein ikkje frista til å legge den frå seg.

Sidesnuing – 7
Akkurat på dette punktet er det litt vanskeleg, for ein vil gjerne gå vidare, men ikkje på den klassiske thriller-sidesnuar måten.

Tempo – 7
Tempoet er ikkje raskt i boka, men det er heller ikkje meininga. Boka skildrar eit miljø der det går sakte og roleg, og dermed er tempoet veldig passande.

Forutsigbarheit – 7
Boka er ikkje veldig forutsigbar, og det er nokre gode tvistar.

Den gode kjensla – 9
Dette er absolutt ei bok som gav ei god kjensle. Perfekt miljøskildring, ein idyllisk landsby, fine karakterar. 

Avslutninga – 8
Boka held det den lovar, og avslutninga held same nivået som resten.

TOTAL: 8,0

 
2 kommentarar

Posta av den 04/08/2011 tommar england, frankrike, politi, walker

 

2 responses to “Martin Walker – FARLIG ÅRGANG

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.