RSS

Jørgen Brekke – NÅDENS OMKRETS

06 Feb

Særs imponerande nykomar

Eit flådd lik dukkar opp på Edgar Allan Poe-museet i Virginia, USA. Nesten samstundes vert ein person drept på identisk måte i eit bokhvelv i Trondheim. Trondheimspolitimannen Odd Singsaker må samarbeide med den amerikanske etterforskaren Felicia Stone, for å samle trådane i dei to sakene.

På 1500-talet reiser ein munk nordover til Norge, og gjer eit kort stopp i Bergen før han reiser vidare nordover. I bagasjen har han eit spesielt skinn, og ein haug med knivar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er interessert i å lese kanskje den mest spennande krim-nykomaren sidan Nesbø.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 9
Spennande, historisk og interessant historie. Ein norsk politimann må samarbeide med ein amerikansk etterforskar, i ei sak som har eit nærast identisk drap i dei to landa. Samstundes vert me fortalt ei 500 år gammal historie om ein munk på reise.

Karakterane – 8
Gode og truverdige, stort sett.

Miljøskildring – 8

Språket – 8
Lettlest og enkelt, men somme stader er det litt trått. Spesielt er det nok litt for detaljert i historien frå gamle dager.

Starten – 10
Eit lik vert funne flådd på Edgar Allan Poe-museet. Og så dukkar det opp eit til, på andre sida av kloda. Bedre og meir spennande åpning skal du leite lenge etter.

Sidesnuing – 9

Tempo – 9

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 9
Her får du verkeleg kjensla av å lese eit krim-mesterverk.

Avslutninga – 7
Litt svak i forhold til resten av boka, men ei så spennande og intens bok er vanskeleg å halde oppe heile vegen ut.

TOTAL: 8,6

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.