RSS

Tania Carver – USKYLDENS OFRE

27 Jun

Las om denne boka på Krimbøker si Facebookside, men trudde eigentleg det var ei side for folk som likte krim, og ikkje eit firma som sel bøker. Derfor skjøna eg litt for seint at innsalget var litt i høgaste laget.

Men boka var ok den. Ein drapsmann herjar i den engelske byen Colchester, og alle drapsofra er gravide kvinner. Og drapsmannen fjernar fostra frå offera sine.

Phil Brennan leiar etterforskinga, og med seg på laget har han psykologen Marina. Dei to har ei ukjend fortid saman, men det viser seg fort at også andre i etterforskinga har.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Fleire kvinner vert funne drepne, alle gravide, og alle har fått fosteret fjerna.

Karakterane – 6
Litt flate og kjedelige. Psykologen Marina er tilpassa historia, då ho også nettopp har opppdaga at ho er gravid.

Miljøskildring – 7
Det er ikkje miljøet som står i fokus her, men likevel får Carver fram ei mørk stemning rundt forbrytarane.

Språket – 8
Det er heilt fint. Lettlest, og ikkje så mange utanomting.

Starten – 7
Ikkje så mykje dødtid her heller. Bra fart, og rett inn i handlinga, nesten.

Sidesnuing – 7
Utover i boka vert det bra, og sidene flyg.

Tempo – 8
Bra. Ikkje mykje utanomsnakk, det meste er på sak, og fleire parallelle historier som er spennande er med på å auke tempoet.

Forutsigbarheit – 7
Kanskje ikkje den største styrken til boka. Me finn ganske tidlig ut korleis ting heng saman, og kva som kjem til å skje mot slutten er ganske gjennomsiktig, men likevel er det spenning involvert.

Den gode kjensla – 7
Historia er bra, og det er spennande, men det er litt for mykje kioskroman over det. Ting vert litt overfladisk, og det vert nokre enkle løysingar på logikk her og der. Så er jo, som plottet vitnar om, veldig grove skildringar, og ganske drøye og sjokkerande detaljar. Akkurat som med mat som ikkje er så god, at du krydrar den til det ugjenkjennelige.

Avslutninga – 7
Spennande og mørk igjen, men ikkje særleg overraskande.

TOTAL: 7,1

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/06/2012 tommar carver, colchester, england, politi, psykologi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: