RSS

Ian Rankin – STANDING IN ANOTHER MAN´S GRAVE

29 Mar

standinginanothermansgrave
Den tolvte boka om John Rebus, og i tillegg den fyrste der Rebus og Rankin si nye stjerne Malcom Fox, møtes.

Rebus jobbar no som sivilist for ei slags Cold Case-gruppe, og ser nærare på tre kvinner som har forsvunne langs same veistrekninga i løpet av ei tiårsperiode.

Mora til ei av jentene er ein pådrivar i saka, og sjølv om andre ikkje ser samanhengen mellom sakene, så er ikke Rebus ukjend med å gå eigne vegar.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 9
Tre kvinner har forsvunne sporlaust langs den same vegstrekning, nord i Skottland. Ei av mødrene har aldri gitt opp håpet om å finne ut kva som skjedde med dottera, og når ho kontaktar Rebus, finn han liknande saker som har skjedd i same området.

Karakterane – 9
Rebus og Clarke er solide som vanleg. Det vert også gjensyn med Big Ger Rafferty, medan nokre av dei nye fjesa, som den søkande mora Nina Hazlitt og ein lokal kjeltring også er spennande bekjentskap.

Miljøskildring – 10
Denne gongen er fokuset flytta litt ut av Edinburgh og til det nordlege Skottland, men den glitrande miljøskildringa er den same.

Språket – 10
Ikkje noko å utsette på språket til Rankin. (Boka vart lest på engelsk, men oversettelsane bruker også alltid å vere glimrande.)

Starten – 8
Ein litt roleg start, med ein del etablering av Rebus i sin nye jobb.

Sidesnuing – 9
Dei som har lest Rankin veit at det ikkje er heseblesande på nokon måte, men når me er i gong, kjem ledetrådane på løpande band, og det er sjeldan ein roleg augneblunk.

Tempo – 8
Tempoet er tilpassa Rebus, som er ein roleg og reflektert type, men det betyr ikkje at det går sakte.

Forutsigbarheit – 8
Her er det fine vriar både i hovudhistoria og i sidehistoriene.

Den gode kjensla – 8
Ei Rebusbok som er heilt der oppe blant dei beste Rankin har skrive.

Avslutninga – 8
Spennande og overraskande.

TOTAL: 8,7

Registreringslink for Blogg

 

1 responses to “Ian Rankin – STANDING IN ANOTHER MAN´S GRAVE

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.