RSS

Jørgen Brekke – DOKTOR FREDRIKIS KABINETT

28 Apr

drfredrikiskabinettSærs god 1700tals-krim

Her tek Brekke oss med til Trondheim i 1769. Den overvektige og drikkeglade politimesteren Nils Bayer har tunge dagar fordi han har lova sin store kjærleik å halde seg vekk frå alkoholen. Likevel føler han ikkje at ho vil gi han valuta for avkallet.

Ei ung jente vert funnen død i skogen rett utanfor byen, og sjølv om politiet finn ut kven jenta er, så står dei utan spor.

Samstundes kjem den tidlegare legen i byen tilbake, etter å nærast ha vorte jaga bort frå byen eit år tidlegare. No er han tilbake, og søker om løyve til å halde ei forestilling med ein mystisk karakter som kan sjå inn i framtida.

Ei svært stemningsfull og litt dyster bok frå Jørgen Brekke. Interessant, spennande og svært lesevennleg. Denne les du ut utan å klare å legge den frå deg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Singsaker-bøkene, og vil finne ut kva anna Jørgen Brekke kan by på.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung jente vert funnen drept i skogen utanfor Trondheim, samstundes som byens forviste lege kjem attende. Politiet står utan spor, og legen skaper oppstyr i byen med si nye forestilling med eit syns vesen frå Europa.

Karakterane – 7
Ei spennande variasjon av både «lova sine menn» og dei andre bebuarane. Nokre av karakterane er kanskje litt utydelig presenterte, og det kan gå litt i surr med kven som er kven.

Miljøskildring – 9
Svært bra. Trondheim framstår som mørk og tung, og likevel er det eit romantisk drag over det.

Språket – 9
Veldig lettlest og fint.

Starten – 7
Noko etablering i starten, og eit par tunge åredrag, men så er me i gong.

Sidesnuing – 8
Med minst to parallelle historier, om den gamle legen og hans forestilling (kabinettet), og drapet på den unge jenta, så er det spennande stort sett heile tida. Brekke er flink å bygge opp kapitla så ein alltid vil lese eit til.

Tempo – 8
Det er bra driv og utvikling i historiene heile vegen, så det stoppar sjeldan opp.

Forutsigbarheit – 8
Ein anar kanskje tidleg kvar me skal hen her, men får seg kanskje ei overrasking.

Den gode kjensla – 8
Ei veldig god leseoppleving. Stemningsfullt skildra, spennande historier, til dels fine karakterar, og eit godt plott.

Avslutninga – 8
Held oppe stemninga og spenninga frå resten av boka.

TOTAL: 8,0

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.