Svært imponerande krigshistorie
Gabriel Navarseth er motstandsmannen som motvillig må samarbeide med dei tyske okkupantane i jobben sin som statspoliti i Trondheim.
Ei kvinne vert funna død i Nidelva, og ho har eit Narvikskjold, som er ei tysk krigsmedalje, i hendene. Dette gjer at tyskerane også viser interesse for å få løyst drapet. Drapsofferet har også tilknytning til nokon i Navarseth sin nære krets.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar stilsikker historisk krim.
(2016)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei kvinne, med det som ser ut som ein link til tyskerane, vert funnen død i Nidelva. Tyskerane er naturlegvis interessert i å finne ut kva som har skjedd. I tillegg vert Navarseth pressa frå ein anna kant, samtidig.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 10
Trondheim under krigen, miljøet, bygningane, folka; alt kjem til liv frå tastaturet til Roar Ræstad.
Språket – 10
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Ei svært godt fortalt historie. Stemninga, nerven, karakterane, er svært sterke.
Avslutninga – 8
Trådane vert nøsta opp på svært tilfredsstillande vis.
TOTAL: 8,6
One response to “Roar Ræstad – ELVEN”