Stemningsfull 1800-talskrim
Fyrste bok om Hurum-lensmann Thomas Tinnvik, som fortel historia i form av brev til broren.
Lars Holte som utflytta til Canada for 8 år sidan, vert funnen død i skogen, like ved garden han kjem frå. På familiegarden, der dei fleste er kvekerar, møter lensmannen broren til drapsofferet, enka hans, og sonen, som ikkje har sett faren på mange år.
I tillegg bur det nokre fleire folk på Holte-garden, og sannsynlegheita for at ein av disse har teke livet av Lars, er til stades.
Ei melankolsk og annaleis forteljing, lett å lese, og lett å verte glad i. Hovudpersonen Thomas Tinnvik er en fyr ein umiddelbart har lyst til å lese fleire bøker om.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historiske krimgåter, og helst på norsk.
(2015)
Vurdering:
Plottet – 8
Kvifor vert ein mann alle trudde var i Canada, funnen drept like ved familiegarden, som broren no har teke over?
Karakterane – 8
Det er ein trist og melankolsk hovudperson, som er lett å like.
Miljøskildring – 9
Omtalen av Hurumlandet på 1870-talet er fascinerande.
Språket – 8
Måten historia er fortalt gjennom breva han skriv til sin bortkomne bror, Tobias, gir stemninga i heile historia eit slør av mørke og melankoli. Mange krimbøker som legg handlinga til gamle dagar, fell ofte i den fella at dei gjer språket tungt og gammaldags, for å passe inn, men det skjer heldigvis ikkje her.
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Om sjølve krimdelen kanskje kunne vore meir spennande, så er tidskoloritten, historiefortellinga og karakterane så bra, at dette er vert ei leseoppleving langt over middels.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,6
One response to “Ingebjørg Berg Holm – STJERNER OVER, MØRKE UNDER”