RSS

Roslund & Hellström – TRE SEKUNDER

01 Okt

tresekunderEkstrem fengselsspenning

Piet Hoffmann er ein tidlegare kriminell som jobbar undercover for politiet, for å infiltrere eit kriminelt polsk nettverk som opererer i Sverige. Han lever eit dobbeltliv, med familie på den eine sida, og tungt kriminelle på den andre. Plutselig hamnar han i ein situasjon der den einaste redninga er å gå inn i fengsel, med lovnad frå høgste hold i Sverige, om at han skal hentast ut når det vert for heitt. Men kva skjer når lovnaden ikkje vert halden, og du er innesperra åleine med dei farligaste fangane i landet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi denne boka verkeleg sette Roslund & Hellström på verdenskartet som krimforfattarar.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 9
Piet Hoffmann går frivillig i fengsel, med lovnad om å verte henta ut når han har gjennomført oppdraget. Men så trekk politiet og justisdepartementet seg frå avtalen, og Hoffmann må klare seg sjølv der inne.

Karakterane – 9

Miljøskildring – 9

Språket – 9

Starten – 8

Sidesnuing – 9
Denne er til tider akkurat så vanskelig å legge frå seg, som du kan håpe på av ein krim.

Tempo – 9

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 9
Ein god gammaldags heltethriller, som det osar Hollywood av. Tempo, spenning, med ein krimløysande Ewert Grens i bakgrunnen.

Avslutninga – 8

TOTAL: 8,8

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.