RSS

Roslund & Hellström – TO SOLDATER

04 Okt

tosoldaterHardbarka ungdomsmiljø

To kriminelle barndomsvenner, som ser på kvarandre som si einaste familie. Frå dei var små, har dei drømt om å vere på politiet si liste over dei mest ettersøkte i Sverige. No er dei der. På toppen av ein gjeng med barn og unge, som har som einaste mål i livet å verte ein god kriminell.

Den eine er i fengsel, den andre på utsida. Dei har framtidsplanane klare, men i siste liten kjem noko i vegen for den eine.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar rå og hard ungdomskrim i litteraturform.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Gabriel er ein av Sveriges mest ettersøkte kriminelle, men foreløpig ein fri mann. Leon, hans «bror», sit inne, men det skal ikkje vare lenge, om dei får det som dei vil. Men på vegen mot flukt, og eit liv på toppen av den kriminelle rangstigen, skjer det noko.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 9
Svært godt og fargerikt skildra frå eit ungt kriminelt miljø.

Språket – 9

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Nok ein god Ewert Grens-krim; omfattande, variert og spennande, men kanskje ikkje like tematisk fengande som mange av dei tidlegare.

Avslutninga – 8

TOTAL: 7,9

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.