RSS

Hans Olav Lahlum – SNEEN VAR REN

04 Aug

sneenvarrenNy karakter, gammal karakter?

Den fyrste boka i ei ny serie om Engly Martinsen, som er fyrstebetjent i Oslopolitiet under krigen, som har to søner som kjempar på kvar si side, samstundes som han sjølv vert pressa av regimet til å melde seg inn i NS. Ein heilt annan karakter enn Lahlum sin tidligare helt K2, høyres det kanskje ut som, men utover i boka tek ein seg fleire gonger i å tenke at dette er samme person. Måten dei snakkar på, måten dei til stadigheit overforklarande tenker høgt, den litt stillferdige, men alltid korrekte måten å vere på, og ikkje minst det litt klønete forholdet til det motsatte kjønn.

Saka: NS-politikaren Jens Otto Helmersen vert funnen drept, skoten i si eiga hytte. Men rundt hytta er det ikkje nokon spor i snøen. Korleis har drapsmannen kome seg unna?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fan av serien om K2.

(2021)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit potensielt lukka rom-mysterie, der ein politikar vert skoten på hytta, men det er ingen spor i snøen på utsida, noko det burde vere, dersom mordaren hadde forlete hytta. Engly Martinsen står framfor ei av sine vanskeligaste saker.

Karakterane – 7
Hovudpersonen har eit anna namn, men dette er Kolbjørn Kristiansen flytta 30 år tilbake i tid. I tillegg til punkta nemnt over, så er ei anna likheit at Engly har ein ide om at etterforskninga er trappetrinn, noko han gjentek igjen og igjen, ikkje ulikt måten K2 gjentek ting han er opphengt i. Dei resterande karakterane har i Lahlum-tradisjon enten enkle Oslo-namn, Hansen, Olsen etc, eller om dei er av litt høgare samfunnsklasse, dobbeltnamn som er såpass spesielt samansette, at ein neppe vil risikere å forveksle dei med ein ekte person frå den perioden.

Miljøskildring – 8

Språket – 7
Historia er skriven i ein gammaldags Agatha Christie-stil, som er noko sakte for ei bok i 2021.

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 6

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla –
Heilt OK historie, mykje etablering av hovudkarakter, men ein liten nedtur at karakteren ikkje skil seg meir frå den forrige Lahlum-helten.

Avslutninga – 6

TOTAL: 6,9

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: