RSS

Lars Kepler – STALKER

02 Des

stalkerMørkt og dystert frå Kepler

Noken har filma ei uidentifisert kvinne gjennom vindauget frå hagen, og lagt filmen ut på nettet. Dagen etter vert kvinna funnen drept. Offer nummer to vert funnen av sambuaren, som går i svart, og vasker heile leiligheita før politiet kjem til staden.

Erik Maria Bark vert tilkalla for å snakke med mannen, men den erfarne psykiateren får høyre noko han velger å ikkje dele med politiet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dyster, mørk, og halvskummel krim.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein stalker filmar kvinner frå mørket i hagen deira, og legg filmen ut på nettet før han drep dei. Spørsmålet er om dei allereie er døde når filmane vert lagt ut, og kven er neste kvinne på lista?

Karakterane – 9
Joona Linna og Erik Maria Bark kjenner me frå før. I tillegg vert me introduserte for ein spennande drapsdømt prest, og ein overgravid ekspert på seriemordarar.

Miljøskildring – 8
Eit mørkt og til tider dystert Stockholm, og når me flyttar oss ut på landsbygda vert det litt meir pittoreskt. Og mørkt.

Språket – 9
Glimrande, enkelt og lettlest, og med stort sett bra driv.

Starten – 9
Spennande frå starten av, med unntak av eit par kvileskjer.

Sidesnuing – 9
Spenninga bygger seg opp, og me følgjer etter kvart historia frå fleire kantar og det er nærast umulig å legge boka frå seg.

Tempo – 9
Sidene fyk av garde, nesten frå start til mål.

Forutsigbarheit – 9
Ein kan gjette og tru heile vegen, men det skal ganske godt gjerast å lande på den rette løysinga.

Den gode kjensla – 9
Ei spennande og massiv bok, med svært få svakheiter.

Avslutninga – 7
Ein av dei få svakheitene er kanskje slutten, som vert for lang, for detaljer, og for omstendelig. Her vert tempoet drege ned, situasjonar utbrodert altfor mykje, og handlinga for lite spennande og for mykje detaljert. Akkurat som den setninga der.

TOTAL: 8,7

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.