Bok nummer to i serien om Stratham Younger. (Den fyrste var då The Interpretation of Murder)
Denne gongen er det ei bombe som går av i bankdistriktet i New York, Wall Street, i 1920. Younger og vennen Littlemore, frå politiet er i nærheita når det skjer.
I tillegg til å nøste opp i eksplosjonen saman med Littlemore, får me glimt frå fyrste verdenskrig, der Younger møter den unge franske sjukepleiaren Collette, som eigentleg jobbar med radiokjemi.
Ho vert ein sentral figur i boka.
(2011)
Vurdering:
Plottet – 8
Spennande og interessant historisk plott. Rik på sidehistorier som held spenninga oppe.
Karakterane – 8
Gode og interessante, dei også.
Miljøskildring – 9
New York er stemningsfullt og tilsynelatande tidsrett skildra.
Språket – 7
Litt tunge perioder, men stort sett bra.
Starten – 7
Det startar med eit brak, men går deretter litt sakte, før me kjem skikkelig i gong.
Sidesnuing – 8
Når me er i gong, er det spennande. Mange fine småhistorier utover, som gjer deg nysgjerrig på kva som kjem på neste side.
Tempo – 7
Litt for varierande. Skulle gjerne hatt eit jamnare driv.
Forutsigbarheit – 8
Ikkje så verst. Mange interessante vriar, men ikkje den mest overraskande boka sånn sett.
Den gode kjensla – 8
Ei spennande bok, historisk interessant, og med mange små og gode historier. Så er det sjølvsagt morsomt at me er innom Freud sin heim i Wien ved eit par anledningar.
Avslutninga – 8
Bra. Slutten skuffar ikkje.
TOTAL: 7,8