Denne boka vert sett på som ein av dei aller fyrste krimbøkene. Den vart gitt ut i delar i 1859 og 1860.
Eit komplekst plott, der teiknelæraren Walter Hartright vert forelska i rikmannsjenta Laura Fairlie, som skal gifte seg med den eldre baronetten Percival Glyde. Hartright vert overtalt til å flytte frå godset der han lærer Laura og halvsystera Marian, og teikne.
Percival og Laura giftar seg, og eit turbulent ekteskap kuliminerer i pengekrise og Walter Hartright returnerer frå Amerika. Legg til ein karismatisk italiensk greve, ein sjukeleg verge og ein dobbeltgjengar, så har du eit komplekst persongalleri til ei tilsvarande historie.
(1859/60)
Vurdering:
Plottet – 8
Litt vanskeleg å oppsummere heilt kort, men teiknelærar Walter Hartright er på veg til Limmeridge House, der han skal lære opp husets to døtre i teikning. På vegen hjelp han ei ung kvinne i kvitt til å finne vegen til London. Når han kjem til huset, ser han at ein av halvsøstrene han skal vere lærar for, er slåande lik kvinna i kvitt. Men ho skal gifte seg med ein tvilsom type, og deretter har me det gåande.
Karakterane – 8
Hovudpersonane er ein trio med «gode» og ein trio «onde» karakterar. Kven som er kven dukkar litt opp etter kvart, men dei fleste er gode, djupe og interessante.
Miljøskildring – 8
Gode og interessante samtidsskildringar.
Språket – 8
Litt tyngre enn ein er van til, og boka er svært lang, så det er flust med omvegar og utflukter på veg til målet. Likevel er det overraskande at dette er ei bok som var skriven for 157 år sidan.
Starten – 8
Ingenting vert teke lett på her, og introduksjonen er like lang og grundig som alt anna. Det tek med andre ord ganske lang tid, men spenninga er like rundt hjørnet.
Sidesnuing – 7
Igjen, det går ikkje veldig fort her, så det er sjeldan spenninga får si utløysing på neste side. Men spennande er det, så ein vert sitande å lese 10 sider til, i staden for berre ei side til, før ein kan legge boka frå seg.
Tempo – 7
Det går sakte, og skjer ikkje mykje i forhold til lengda på boka. Hadde det vore halvparten så mange sider, med dei same hendingane, så kunne det vore ei heilt greit tempo. Men sjølv om det går sakte, så er det sjeldan kjedelig.
Forutsigbarheit – 8
Det er mange spennande vriar undervegs, og eit stort overhengande spørsmål ein vil ha svar på gjennom heile boka.
Den gode kjensla – 9
Svært god lesing, som tek tid å kome gjennom, men boka er såpass bra at du heile tida er glad for at du har mange sider igjen.
Avslutninga – 8
Alt det du håper på undervegs.
TOTAL: 7,9