RSS

Jørgen Brekke – PARADISPLANETEN

23 Jul

Kaotisk historisk krim

Eit avhogd hovud vert funne på ei statue i Trondheim under russefeiringa, og ei ikkje heilt ulik sak dukkar opp i London.

Hovudet i Trondheim tilhøyrer ein utanlandsk mann som vert funnen drept i sitt eige hus på Strindheim. Sonen til mannen vert funnen utanfor huset.

Odd Singsaker og kona Felicia Stone har fått ei gammal bok av bibliotekarvenninna Siri Holm, og finn ut at den er veldig verdifull. Dei prøver å finne historia bak boka, samstundes som Singsaker prøver å finne ut om sakene i Trondheim og London har meir til felles enn dei avkappa hovuda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med litt fantastiske plott.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert halshogd på Strindheim, og ei liknande sak dukkar opp i London. Sakene ser ut til å ha historisk preg, og halshogginga har vorte utført med sverd.

Karakterane – 8
Dette er fjerde boka om Odd Singsaker, så hovudpersonane er godt innarbeidde, og fungerer veldig bra.

Miljøskildring – 8

Språket – 9

Starten – 6
Her er det mange ting som skjer samstundes, og litt for vanskelig å henge med.

Sidesnuing – 7
Når boka bikkar halvvegs, vert det meir og meir spennande.

Tempo – 7
Heilt greit. Ikkje heseblesande, men heller ikkje kjedelig.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Det er litt vanskeleg å henge med, og historia bit kanskje over litt for mykje. Halshogging, gamle sverd, gamle bøker, Francis Bacon og meir. Men det er stort sett spennande, og god lesing.

Avslutninga – 7
Står ikkje tilbake for resten.

TOTAL: 7,4

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/07/2017 tommar brekke, england, historisk, london, norge, trondheim

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.