RSS

Robert Bryndza – JENTA I ISEN

22 Apr

jentaiisenFriskt og spennande bekjentskap

Ei rikmannsdotter vert funnen drept, nedfrosen i eit vatn. Ho vart sist sett på ein sjuskete pub på feil side av London, og ingen skjønar heilt kva ho hadde der å gjere. Etterforskar Erika Foster er tilbake i teneste, etter å ha gjort ein feil som kosta fleire kolleger livet, blant dei mannen Mark. Foster må kjempe mot kolleger som konkurrerer om jobben hennar, og familien til den døde jenta, som har sterk innflytelse høgt opp i systemet.   

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Bryndza skriv smart og avhengigheitsskapane krim.

(2016)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung sosietetskvinne vert funnen drept og nedfrossen i isen. Ho vert funne i ein del av London der hennar krets ikkje vankar, og etterforskar Erika Foster får ikkje mykje hjelp av hverken sine overordna eller dei pårørande, i jakta på mordaren.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 9

Starten – 8

Sidesnuing – 9

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 9
Ei veldig spennande bok, solid handverk, trådar som vert nøsta opp, medan det meste held seg truverdig. Er allereie på jakt etter den neste boka i denne serien. 

Avslutninga – 9

TOTAL: 8,5

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.