RSS

Jørgen Brekke – AVGRUNNSBLIKK

23 Apr

avgrunnsblikkBlodfattig Singsaker

I denne boka er Odd Singsaker og Felicia veldig lite med, og det merkast. Men dei set i gong begivenheitene, når dei har booka seg inn på ei avsidesliggande hytte, dit dei må køyrast med scooter, og i det scooteren har forlete dei, og er utanfor rekkevidde, oppdagar dei ei død kvinne som heng frå takbjelkane. Historia tek oss inn i ei verd av wiccahekser, fosterheimar og hevn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for uryddige historier og wiccakunst.

(2017)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei kvinne vert funnen hengd i ei hytte, som Odd Singsaker og Felicia Stone tilfeldigvis har leigd. Tilbake i tid tek ei 11 år gammal jente livet av faren, og ho og broren vert plasserte i kvar sine fosterheimar. Ein stad midt mellom dette, legg to wiccahekser uspekulerte planar for å kvitte seg med ein mannlig trussel.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 9

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Dette var ei bok eg hadde hoppa over i rekkefølge (er egentlig før Alle Kan Drepe), og den virkar rotete, hoppar for mykje fram og tilbake, og er vanskelig å komme skikkelig inn i. Og spenninga frå dei fyrste bøkene er nærmast fråverande.

Avslutninga – 6
Ein får ei kjensle av at dette er eit krimmysterie som løyser seg sjølv, og plutselig er det over.

 

TOTAL: 7,3

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.