RSS

Sophie Hannah – SKYGGENES TIME

17 Jan

skyggenestimeSeigt karakterdrama

Den andre boka om Zailer og Waterhouse: Naomi Jenkins har eit forhold til ein gift mann. Dei møtes på eit billig hotell ein fast dag i veka. Men ein dag dukkar ikkje Robert Haworth opp, og Naomi er sikker på at noko har skjedd, men slit med å overbevise politiet om det samme. 

For å overbevise politiet, fortel Naomi om eit grovt overgrep ho tidlegare vart utsett for, og bytter ut overgrepsmannen med Robert. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med meir fokus på intrikate personligheiter enn sjølve saka. 

(2007)

Vurdering:

Plottet – 7
Elskaren til Naomi dukkar ikkje opp til avtalt tid, og ho er overbevist om at noko har skjedd med han. Politiet meiner dei ikkje kan gjere noko, så Naomi fortel at elskaren, Robert, har valdteke henne, for at politiet skal leite etter han. Historia ho fortel, er sann, berre at det ikkje er Robert som er overgrepsmannen. Men når politiet byrjar sjå på saka, er dei ikkje like sikre. 

Karakterane – 7
Forfattaren vil åpenbart at dette skal vere ein thriller styrt av sterke karakterar, men forsøket på gjere karakterane mange-fasetterte er så tydelig at det ødelegg meir enn det bygger opp. Det endar opp med at karakterane virkar som usannsynlege, desperate forsøk på å skape noko stort. 

Miljøskildring – 7

Språket – 8

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 6
Alt fokuset på laga i karakterane gjer at handlinga går veldig sakte.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Ein svak krim, der det er altfor mykje fokus på å gjere karakterane intrikate og kompliserte, noko som endar opp i at det ikkje vert noko av noko, og historia blir kjedelig, og karakterane blir for desperate. 

Avslutninga – 6

TOTAL: 6,9

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.