RSS

Sophie Hannah – FOR DU STJAL MIN LILLE VENN

14 Jan

fordustjalminlillevennLitt for flat spenningskurve

Alice Fancourt har fått ein spatime i gave frå svigermor, og er borte frå dottera Florence for fyrste gong sidan fødselen. Etter to timar kjem ho heim til dottera og mannen, og gjer ein grusom oppdagelse når ho kikar på babyen som ligg i barnesenga: Det er ein annan baby. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein ok psykologiske thriller. 

(2006)

Vurdering:

Plottet – 8
Alice Fancourt er overbevist om at nokon har bytta ut babyen hennar i løpet av dei to timane ho har vore borte frå huset. Mannen har latt døra stå ulåst, men han meiner det har klikka for henne, og at babyen er den samme. Den tredje i husstanden, svigermor som gjerne vil kontrollere alt, er ikkje sikker på kven av dei to som har rett, og politiet står fast. Så forsvinn Alice og dottera, og saka tek ei ny vending, i og med at den forrige kona til David Fancourt vart drept nokre år tidlegare. 

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8

Språket – 8

Starten – 8

Sidesnuing – 7
Det startar greit, men flatar litt ut, spenningsmessig, dessverre. 

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Ein grei krim, som flatar ut der den burde teke seg opp. Det er mykje fokus på å bygge typer og karakterar, og litt mindre på det som er spennande i ein krim. 

Avslutninga – 6

TOTAL: 7,2

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/01/2022 tommar barn, england, forsvinning, hannah, politi

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.